Rekviem eller dødsmesse (latin missa pro defunctis) er ei messe som i Den katolske kyrkja vert sungen for sjelene til dei døde, m.a. dagen etter helgemesse.

Namnet rekviem skriv seg frå innleiingsorda Requiem aeternam. Den polyfone utforminga fekk rekviem på 1500-talet.

Musikkverk Mange komponistar har skrive musikk til rekviemmessa, blant dei mest kjende er Hector Berlioz «Requiem» («Grande messe des morts»), opus 5 Luigi Cherubini «Requiem» i c-moll Antonin Dvorak «Requiem», opus 89 Gabriel Fauré «Requiem» i d-moll, opus 48 Andrew Lloyd Webber «Requiem» Wolfgang Amadeus Mozart «Requiem» i d-moll, K.626 Giuseppe Verdi «Requiem»

Andre komponistar har gått ut over den liturgiske ramma i den katolske dødsmessa. Mellom dei er Johannes Brahms med «Ein deutsches Requiem», opus 45, ein kantate over bibeltekstar med døden som tema. Benjamin Britten med «War Requiem», opus 66. Her kjem solistparti med krigsdikt av Wilfred Owen innimellom dei liturgiske korsatsane. John Rutter har i sitt «Requiem» plassert tekstar frå gravferdsliturgien i The Book of Common Prayer og dei bibelske Salmane mellom dei tradisjonelle liturgiske ledda.

Kurt Weill sitt «Berliner Requiem» til dikt av Bertolt Brecht er ei verdsleg rekviem.

Messteksten Tekstinnhaldet kan variere noko i ulike rekviemmesser. Eit vanleg innhald er: Introitus Requiem aeternam dona eis, Domine, et lux perpetua luceat eis. Te decet hymnus Deus, in Sion, et tibi reddetur votum in Ierusalem. Exaudi orationem meam; ad te omnis caro veniet

Kyrie Kyrie eleison, Christe eleison

Tractus Absolve Domine animas omnium fidelium defunctorum ab omno vinculo delictorum et gratia tua illis succurente mereantur evadere iudicium ultionis, et lucis æterne beatitudine perfrui

Sekvens (sjå Dies irae)

Offertorium Domine, Iesu Christe, Rex gloriæ, libera animas omnium fidelium defunctorum de poenis inferni et de profundo lacu. Libera eas de ore leonis, ne absorbeat eas tartarus, ne cadant in obscurum; sed signifer sanctus Michael repræsentet eas in lucem sanctam, quam olim Abrahæ promisisti et semini eius. Hostias et preces tibi, Domine, laudis offerimus; tu suscipe pro animabus illis, quarum hodie memoriam facimus. Fac eas, Domine, de morte transire ad vitam. quam olim Abrahæ promisisti et semini eius.

Sanctus Sanctus, Domine Deus Sabaoth; pleni sunt coeli et terra gloria tua. Hosanna in excelsis. Benedictus qui venit in nomine Domini. Hosanna in excelsis.

Agnus dei Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, dona eis requiem. Lux æterna luceat eis, Domine, cum sanctis tuis in æternum, quia pius es. Requiem æternam dona eis, Domine; et lux perpetua luceat eis

Exsequiae Libera me, Domine, de morte æterna, in die illa tremenda, quando coeli movendi sunt et terra. Dum veneris iudicare sæculum per ignem. Tremens factus sum ego et timeo, dum discussio venerit atque ventura ira. Dies iræ, dies illa, calamitatis et miseriæ, dies magna et amara valde. Requiem æternam dona eis, Domine: et lux perpetua luceat eis

Valedictio In paradisum deducant te Angeli; in tu adventu suscipiant te martyres, et perducant te in civitatem sanctam Ierusalem. Chorus angelorum te suscipiat, et cum Lazaro quondam paupere æternam habeas requiem

Pie Jesu Pie Iesu Domine, dona eis requiem. Dona eis requiem sempiternam Inngang Kvile i alle æve gje dei Herre og lat lyset som varer evig skinne for dei. Deg tilkjem lovsangen, Gud i Sion, og til deg skal det gjevast lovnader i Jerusalem. Høyr bøna mi, Måtte all lekam komme til deg.

Herre Herre, miskunn deg, Krist, miskunn deg

. Tilgjev, Herre, sjelene til alle kjære løys dei frå alle lenkjene og gje nåde for syndene og la dei vinne å unngå dommen og la evig lys signe og glede dei.

Vreidedagen .

Ofring O Herre Jesus Krist! Konge i æva! Fri sjelene til dei døde frå straffene i helvete og den djupe grava. Fri dei frå gapet til løva ikkje lat dei bli oppslukte av underverda, ikkje lat dei falle i mørkret. lat merkesmannen, heilage Mikael, leie dei i heilagt lys slik du eingong lova Abraham og etterslekta hans. Offer og bøn til deg, Herre, ber vi fram. Ta du dette til deg for dei tyngde sjelene som vi i dag feirar minnet til. Lat dei, Herre, frå døden gå over til livet slik du eingong lovte Abraham og etterslekta hans.

Heilag Heilage Herre Gud Sebaot fylt er himmel og jord av æra di velsigning som kjem i Herrens namn Hosianna i det høgste!

Guds lam Guds lam, som ber verdas synder, gje dei kvile, for all tid kvile. Lat det evige lyset skinne for dei, Herre, i lag med dine heilage i all æve, for du er god. Kvile i all æve gje dei Herre, og lat lyset som varer evig skinne for dei.

Fri meg Fri meg, Herre, frå den evige døden på den tunge skakande dagen når himmelen rokkast til like med jorda: då kjem du for å dømme slektene gjennom eld. Skjelve gjer eg, og eg fryktar ristinga som kjem og den kommande vreiden. Den tunge dagen, vreidedagen, elende og ulykker, den mektige og veldig beiske dagen. Kvile i all æve gje dei Herre, og lat lyset som varer evig skinne for dei.

I paradiset I paradiset førte englane an: då du kom lyfte martyrane deg og leidde deg inn i den evige byen Jerusalem. Englekoret lyfte deg og i lag med Lasarus, som eingong var fattig, skal du ha kvile i all æve.

Gode Jesus Gode Jesus Herre gje dei kvile gje dei kvile, for all tid kvile.

Kjelder Kristen sang og musikk Runa forlag 1962 Tekst mykje etter teksthefte, Faurés Reuiem

Kategori:Kristen liturgi Kategori:Kyrkjemusikk