Trípoli (gresk Τρίπολη, eldre form og på latinsk Tripolis, og stundom Tripolitsa, Tripolitza og Tripolizza) er ein by på Peloponnes i Hellas. Trípoli er ein kommune i periferieininga Arkadía i periferien Peloponnes og er hovudstad både i periferieininga og i periferien Peloponnes. Byen er den største i periferieininga og ein av få stader i Arkadía som veks.
Avstanden frå Pýrgos er om lag 145 km aust, han ligg 125 km aust for Olympia, 144 km søraust for Pátra og søraust for Kalávryta, 78 km sørvest for Korint og om lag 148 km sørvest for Aten. I tillegg ligg han vest for Árgos og Návplio, nordvest for Leonídio, nord for Spárti, nordaust for Kalamáta, 33 km nordaust for Megalópoli og nordaust for Kyparissía, aust for Stemnítsa og søraust for Dimitsána. I dag er Trípoli sete for det nye Peloponnes universitet.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Trípoli, no kommunaleininga Trípoli Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Trípoli Valtétsi Korýthio Levídi Mandínia Skirítida Tejéa Fálanthos Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 44 165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Trípoli hadde 33 026 og tettstaden med same namn 30 383 innbyggjarar.
Historie I mellomalderen vart staden kalla Drobolitsa, Droboltsá eller Dorboglitza, som kanskje kjem frå det greske Hydropolitsa, «Vassbyen» eller kanskje det sørslaviske ordet som tyder «slette med eiketre».Transactions of the Philological Society 1934, s. 19-20
Den moderne Trípoli vart grunnlagd i 1770 nær ruinane av dei antikke byane Pallantron, Tegea og Mantinea, derfor namnet Τρίπολης = τρεις πόλεις, som tyder «tre byar». Før den greske sjølvstendekrigen hadde han ein muslimsk og jødisk folkesetnad og var det sentrum for den osmanske okkupasjonen av Hellas.
Under den greske sjølvstendekrigen vart Trípoli den første store byen som vart teken av grekarane. Theodoros Kolokotronis tok byen 17. oktober 1821.Nevill Forbes, et. al., The Balkans full utgåve Den muslimske folkesetnaden, som bestod av tyrkarar og albanarar, vart massakrert, kanskje så mykje som 30 000 menneske. Då Ibrahim Pasha gjenerobra byen 22. juni 1825 massakrerte han til gjengjeld den kristne folkesetnaden og brende ned byen.La Grande Encyclopédie, s.v. Tripolis
Etter at han vart erobra på ny av grekarane i 1829 vart Trípoli eit stort senter i det sjølvstendige Hellas.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Trípoli Trípoli 30 866 30 383 Levídi Levídi 1 025 920 Ájos Konstandínos Trípoli 719 728 Kandíla Levídi 690 541 Vlakhérna Levídi 372 481
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Tripoli, Greece» frå , den 19. september 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Tripoli Tripoli Tripoli Tripoli Tripoli Tripoli Tripoli Kategori:Namn knytte til talet 3