Lárisa (gresk: Λάρισα) er ein by og kommune og hovudstaden i periferien Thessalía og periferieininga Lárisa i Hellas. Han er det største jordbrukssenteret i landet og eit nasjonalt trafikknutepunkt med jernbane både til hamna i Vólos, Thessaloníki og Aten.

Historie Antikken og mellomalderen Ein har funne spor frå steinalderen i området, men det låg i utkanten for dei meir avanserte kulturane. Området rundt Lárisa var særs frodig og var eit viktig jordbruksområde i antikken og særleg kjend for hestane sine.

Namnet Lárisa var eit vanleg namn på mange pelasgiske byar og kjem frå den greske nymfen Larissa eller frå det antikke greske ordet larissa, som tyder «skanse» på norsk. Ein meiner at det var i Lárisa den kjende greske lækjaren Hippokrates og filosofen Gorgias av Leontini døydde.

Lárisa ligg nær staden som Homer kalla Agrissa. I tidlege tider, då Thessalía hovudsakleg vart styrt av eit par aristokratiske familiar, var han ein viktig by under styret til Aleuadae, som styrte over heile området Pelasgiotis. Innbyggjarane tok Aten si side under peloponnesarkrigen og som ein del av Romarriket var han forholdsvis viktig. Heilt sidan 400-talet har byen vore sete for eit erkebispedøme.

Moderne periode Lárisa var hovudkvarteret for Ali Pasha under den greske sjølvstendekrigen og kronprinsen Konstantin under den gresk-tyrkiske krigen 1897. Fram til 1881 var han sete for ein pasha i wilaya Iannina i Det osmanske riket. På tyrkisk vart byen kalla Yenişehr-i Fenar. Den lange perioden under osmanarane har viska ut mange spor av antikken. Han var tidlegare eit tyrkisk militærsenter og dei fleste innbyggjarane hadde tyrkisk opphav. På 1800-talet var det ein liten landsby ved utkanten av byen busett av afrikanarar frå Sudan, eit rest av styrkar som Ali Pasha samla saman. Mange av tyrkarane emigrerte i 1881 då byen vart ein del av Hellas.

Administrativ inndeling thumb|180px|left|Kart over kommunaleiningane i kommunen Lárisa. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Lárisa, no kommunaleininga Lárisa Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Lárisa Jánnouli Kiláda Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 164 095 innbyggjarar, medan kommunaleininga Lárisa hadde 148 562 og tettstaden med same namn 146 377 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Lárisa Lárisa 144 651 146 377 Jánnouli Jánnouli 7 885 8 160 Fálanna Jánnouli 3 987 3 823 Terpsithéa Lárisa 1 992 1 967 Kiláda Kiláda 628 480 Mándra Kiláda 512 419 Elevtherés Kiláda 520 358

Kjende personar Konstantinos Khalkias Yannis Goumas (24. mai 1975, fotballspelar på Panathinaikos) Kostas Gousgounis Fani Halkia Alexis Georgoulis (6. oktober 1974, skodespelar)

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)

Kjelde

Larisa Larisa Larisa Larisa Larisa Larisa Larisa