Akharnés (gresk Αχαρνές, i antikken/katharevousa Αχαρναί, Akharnai), òg kalla Menidi (Μενίδι), er ein forstad til Aten i Hellas. Akharnés ligg om lag 10 km nord for Aten og er ein kommune i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí. Nord for Akharnés ligg den skogkledde fjellkjeda Párnitha.
I antikken var byen eit deme og mange av innbyggjarane var kolseljarar. I dag er det eit arbeidarklassenabolag.
7. september 1999 låg byen svært nær episenteret til eit kraftig jordskjelv, som førte til store øydeleggingar i Akharnés og andre stader i Aten.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Akharnés, no kommunaleininga Akharnés Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Akharnés Thrakomakedónes Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 106 169 innbyggjarar, medan kommunaleininga Akharnés hadde 100 857 og tettstaden med same namn 98 893 innbyggjarar.
Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Akharnés Akharnés 99 346 98 893 Thrakomakedónes Thrakomakedónes 6 200 7 312 Varymbómbi Akharnés 1 377 1 950
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:Acharnes» frå , den 7. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Akharnes Akharnes Akharnes Akharnes