Periferieininga Kozáni (gresk Περιφερειακή ενότητα Κοζάνης, Periferiakí enótita Kozánis) er eit periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía.. Hovudstaden i periferieininga er byen Kozáni.
Kozáni grensar til Kastoriá i vest og nordvest, Flórina i nord, Pélla i nordaust, Imathía og Piería i aust, Lárisa i søraust og Grevená i sør.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Kozáni eit prefektur. Frå 2019 er periferieininga delt inn i fem kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Kozáni Kozáni Kozáni 501 00 24610-2 til 7 Eaní 500 04 24610-98 Dimítrios Ypsilándis 502 00 24610-96 Elimía 500 10 24610-63 Ellíspondos 501 00 24610-90 Eordéa Ptolemaída 502 00 24630-27 Ajía Paraskeví 502 00 24630-51 Mouríki 500 05 24630-6 Vérmio 500 06 24630-31 Vlásti 500 09 24630-93 Vóio Siátista 503 00 24650-2 Áskio 500 03 24650-71 Neápoli 500 01 24680-2 Pendálofos 500 07 24680-41 Tsotýli 500 02 24680-31 Sérvia Sérvia 505 00 24640-2 Kamvoúnia 505 00 24640-5 Livaderó 505 00 24640-41 Velvendós Velvendós 504 00 24640-31
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kozáni Kozáni 41 066 42 140 Ptolemaída Eordéa 32 127 31 537 Siátista Vóio 5 490 5 057 Velvendós Velvendós 3 360 2 913 Krókos Kozáni 2 977 2 687 Sérvia Sérvia 2 980 2 677 Neápoli Vóio 2 285 2 036 Eaní Kozáni 2 006 1 586 Galatiní Vóio 1 795 1 458 Tsotýli Vóio 1 545 1 453 Perdíkkas Eordéa 1 582 1 372 Áno Kómi Kozáni 1 436 1 263 Néa Kharavjí Kozáni 1 294 1 185 Drépano Kozáni 1 287 1 134 Levkopijí Kozáni 1 161 1 113 Levkóvrysi Kozáni 1 208 1 089 Kíla Kozáni 1 115 916 Livaderó Sérvia 1 232 912 Platanórrevma Sérvia 1 004 864
Geografi Ein liten dal strekkjer seg frå nordlege område til elva Aliákmonas og Polýfytossjøen. Ein har fjell i både vestlege og austlege område, særleg i området rundt byen Kozáni, mellom anna Áskio i vest, Vérmio i nordaust og Vóio i sørvest.
Historie Området rundt periferieininga bestod av fleire kongedøme, inkludert Eordaia, og vart styrt av Kongedømet Makedonia og etter den tredje makedonske krigen vart det ein del av Romarriket. Seinare kom det inn under Austromarriket. Tidleg på 1300-talet erobra Det osmanske riket området og styret deira varte fram til balkankrigane i 1913. Det moderne prefekturet vart danna seinare og inkluderte det som i dag er periferieiningane Flórina, Grevená og Kastoriá. Flyktningar frå Vesleasia og Pontos kom til området under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Referansar
Kjelde
Kozani
Kozani Kozani