Periferieininga Piería (gresk Περιφερειακή ενότητα Πιερία, Periferiakí enótita Pierías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden i periferieininga er Kateríni. Piería er den minste periferieininga i Gresk Makedonia. Namnet Piería kjem frå ei antikk stamme og det gamle antikke landet Pieris. Det ligg mange arkeologiske stader i Piería, som Dío, Pýdna og Platamónas. Fjellet Piéria ligg òg i Piería, heimstad for Orfeos og musene. Ólymbos, det høgaste fjellet i Hellas og trona til dei greske gudane, ligg på sørsida av Piería. Andre antikke byar er Livithra og Pimpleia.

Geografi

Piería grensar til Lárisa i Thessalía i sør og vest, Kozáni i vest og Imathía i nord. Fram til seint på 1900-talet låg Piería omkring landsbyen Élafos som var ein del av Imathía.

Piériafjella ligg i vest og Thermaikósbukta i aust.

Klima Piería har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og til dels kjølige vintrar. Dei sentrale og vestlege områda har vinterlege forhold i høgareliggande område.

Administrativ inndeling

Tidlegare var Piería eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Piería Pýdna-Kolindrós Pýdna 600 64 23510-7 Kolindrós 600 61 23530-3 Ejínio 603 00 23530-2 Methóni 600 66 23530-4 Kateríni Pétra 601 00 23510-8 Piérii 601 00 23510-82 Elafína 601 00 23510-92 Kateríni 601 00 23510-2 til 7 Paralía 601 00 23510-4 Korinós 600 62 23510-41 Dío-Ólymbos Dío 601 00 23510-51 Aust-Ólymbos 600 63 23520-3 Litókhoro 602 00 23520-8

Historie

Piería var ein del av Kongedømet Makedonia i antikken, og vart seinare ein del av Romarriket og Austromarriket. På 1300-talet vart det erobra av Det osmanske riket, som heldt til her i 500 år fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821. Piería tapte derimot slaga og vart ikkje ein del av Hellas før etter balkankrigane i 1913. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia til området. Tidlegare var Piería ein del av Thessaloníki prefektur, men i 1947 vart området eit eige prefektur, frå 2011 ei periferieining. Piería opplevde økonomisk vekst i jordbruk og servicenæringa etter dette.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kateríni Kateríni 55 997 56 961 Litókhoro Dío-Ólymbos 6 995 6 615 Ejínio Pýdna-Kolindrós 4 153 3 683 Leptokaryá Dío-Ólymbos 3 700 3 612 Korinós Kateríni 3 487 3 115 Kallithéa Kateríni 3 134 2 933 Perístasi Kateríni 2 545 2 367 Kolindrós Pýdna-Kolindrós 2 822 2 103 Platamónas Dío-Ólymbos 2 013 1 896 Karítsa Dío-Ólymbos 2 025 1 843 Svorónos Kateríni 1 948 1 842 Vrondoú Dío-Ólymbos 1 902 1 762 Kondariótissa Dío-Ólymbos 1 662 1 489 Makrýjalos Pýdna-Kolindrós 1 681 1 469 Ájos Spyrídonas Dío-Ólymbos 1 489 1 377 Néa Éfesos Dío-Ólymbos 1 564 1 328 Lófos Kateríni 1 496 1 323 Dío Dío-Ólymbos 1 130 1 120 Kítros Pýdna-Kolindrós 1 172 1 061 Andromákhi Kateríni 1 061 1 043 Paralía Kateríni 1 124 928 Ritíni Kateríni 1 138 890

Referansar

Bakgrunnsstoff Turisme i Piería http://www.culture.gr/maps/macedon/pieria/pieria.html http://www.plefsis.gr/pieria.htm http://www.mpa.gr/specials/olympus/pieria.html

Kjelde

Pieria

Pieria Pieria