Asopos, latinsk namneform Asopus, var ein elvegud i gresk mytologi. Han var son av Okeanos og Tethys.
Han var gift med najaden Metope og i lag fekk dei to sonar, Pelasgos og Ismenos, i tillegg til tolv døtrer; Korkyra, Salamis, Aigina, Peirene, Kleone, Thebe, Tanagra, Thespeia, Asopis, Sinope, Ornia og Khalkis.
Asopos si dotter Aigina vart kidnappa av Zevs.
Elvane Asopos er òg namnet på fleire elvar i Hellas og Tyrkia.
Asopós i Viotía, som har sitt utspring ved fjellet Kitherónas og som renn ut i Évripossundet. Slaget ved Plataea vart utkjempa på breidda av elva. I antikken markerte ho grensa mellom Theben (Thíva) og Plataea. Asopós i Korinthía renn gjennom Sikyóna og ut i Korintbukta nær Sikyóna. Asopós i Thessalía har sitt utspring ved Íti og munnar ut i Maliábukta. Asopos i Thrakis nær Thermopylae er nemnd av Herodotos (7.199, 216–17). Asopos i Frygia som renn i hop med Lykos nær Laodikea i Lykos i Tyrkia.
Kategori:Greske gudar Kategori:Gresk mytologi Kategori:Elvar i Hellas Kategori:Elvar i Tyrkia