Bardal er ei bygd i Leirfjord kommune på Helgeland. Bygda ligg ved Ranfjorden, Fylkesveg 17 og riksveg 808 og har postnummer 8897.
I Bardal har det vore jektebruk sidan 1611 og handelshus (eit borgarleie) i periodar frå 1695. Bardal har i periodar sokna til Nesna, i andre periodar til Hemnes. Frå 1738 til 1918 høyrde borgarleiet til Hemnes, men den omkringliggande jorda høyrde til Nesna. Ved kongeleg resolusjon 18. oktober 1918 vart borgarleiet Bardal overført frå Hemnes sokn til Nesna sokn og prestegjeld.
Ved kongeleg resolusjon 10. juni 1887 blei det tillatt å byggje eit kapell på Bardal der det skulle vere fire gudstenester årleg, etter kongeleg resolusjon 2. mai 1903 seks gudstenester årleg.
Bardal høyrer no til Leirfjord kommune. Bygda har om lag 100 innbyggjarar.
Kjelder: Bardalinfo Terje Roghell: Folk og slekt på Hemnesberget Hemnes kommune 2007 ISBN 978-82-993491-7-8
Fotnotar
Kategori:Geografi i Leirfjord Kategori:Bygder i Nordland