Párnonas (gresk Πάρνωνας) eller Málevo (Μάλεβο) er eit fjell aust for Den lakoniske sletta og Evrótasdalen i Hellas. Det har ei høgd på 1 940 moh. og er synleg frå Aten. Den vestlege delen av fjellet ligg i periferieininga Lakonía og den austlege delen ligg i Arkadía. Det er om lag 50 km langt frå nord til sør og 15-25 km breitt.

Párnonaskjeda skil Lakonía frå Arkadía og består hovudsakleg av kalkstein. Fjellet har den femte djupaste grotta i Hellas, Peletágrotta (543 meter under havet i 2006) og den imponerande vertikale grotta Própantes (360 muh).

Frå toppen av fjellet kan ein mellom anna sjå heilt til Taýjetosfjella, Myrtóohavet og Lakoníabukta.

Nærliggande stader

Kastanítsa, nordaust Ájos Vasílios, aust Platanáki, aust Paleokhóri, aust Kosmás, søraust Jeráki, sør Kallithéa, sørvest Vamvakoú, vest

Kjelde

Parnonas Parnonas Parnonas