Omblós (gresk Ομπλός), Oblos eller Omblos er eit fjell nord i periferieininga Akhaía i Hellas. Fjellet er 720 meter høgt og toppen er forma som ein sukkertopp. Det ligg om lag femten kilometer søraust for Pátra og aust for Ovryá. Det heng saman med ei fjellkjede i sør som stig til 1 100 moh.

Nærliggande stader Ovryá, vest Kríni, nordvest Sarávali, nordvest Elikístra, nord

Geografi Mykje av fjellet er dekt av anten gras eller kratt, men ein har furuskog i nordaust. I nord renn elva Glávkos. I vest finn ein treklynger og enger. Omplósklosteret ligg på austsida av fjellet.

Nabofjellkjeda er Panakhaikó og det ligg andre i aust, i nordaust og i sør. I vest ligg sletter og lågtliggande område.

På klåre dagar kan ein sjå delar av Akhaía, Erýmanthos i sør, Skóllis og Móvri i vest, delar av Ilía, Etoloakarnanía og delar av Dei joniske øyane.

Kjelder

Omblos Omblos