DS «Sirius» var eit dampskip bygd i 1885 av Flensburger Schiffbau Gesellschaft i Tyskland som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. Då Bergenske fekk kontrakt på hurtigruta i 1893 vart DS «Sirius» det skipet som vart valt til å ein gong i veka gå rundturen Trondheim-Tromsø i vinterhalvåret og til Hammerfest i sommarhalvåret. Den 3. juli 1894 gjekk DS «Sirius» sin første tur nordover.
I 1927 fjerna ein alle lugarane i skipet og nytta det som lastebåt i godsruta Oslo-Finnmark.
Den 18. mai 1940 vart «Sirius» senka av tyske fly utanfor Dyrøy. Sju av mannskapet som var om bord omkom, medan folk på land greidde å redde elleve personar som hadde klamra seg til diverse vrakgods.
Historie mini|venstre|DS «Sirius» i Bergen om lag 1890. DS «Sirius» vart overlevert i april 1885 til ein kostnad på 350 000 kroner, og starta karrieren som turistskip i Bergenske si Hamburg-rute. Den 3. juli 1894 vart DS «Sirius» sett inn i hurtigrutetrafikk og vart dermed det andre skipet i hurtigruta si historie. I 1896 fekk skipet innlagt elektrisk lys, og i 1899 vart innreiinga i akterskipet forandra. I 1901, 1909 og 1920 vart nye donkeykjelar lagt inn.
I 1908 vart DS «Sirius» bygd om ved Laxevaag Maskin & Jernskibbyggeri i Bergen. Skroget vart forlenga med 5 meter, og ein ny tresylindra trippel ekspansjonsdampmaskin vart installert. I 1912 hadde skipet lugarplass til 60 på 1. plass og 22 på 2. plass.
Mellom 1921 og 1925 gjekk skipet i rutetrafikk til Island. I 1927 vart DS «Sirius» ombygd til lasteskip for 108 000 kroner. Etterpå vart skipet sett inn i godsrute mellom Oslo og Finnmark. I 1930 vart det sett inn straumlinjeforma ror.
Under det tyske åtaket på Noreg den 9. april 1940, var DS «Sirius» i Nord-Norge og vart sett inn i forsyningsteneste for dei norske forsvararane. Den 18. mai 1940 var DS «Sirius» på veg frå Tromsø til Risøyhamn, då skipet vart angripe av tyske bombefly. DS «Sirius» vart treft fleire gonger forut og midtskips, og brekte i to og sokk ved Finnlandsnes. Dei overlevande vart skoten etter med maskingevær. 11 personar redda seg i land, men kapteinen, styrmannen og fem av besetninga omkom da skipet gjekk ned.
Kjelder
Litteratur Dag Bakka Jr. Hurtigruta - Sjøvegen mot nord ISBN 82-91258-08-2
Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Tyskland Kategori:Skip frå 1885 Kategori:Krigsforlis i 1940 Kategori:Skip søkkte av tyske flyåtak i andre verdskrigen Kategori:Hurtigruteskip Kategori:Krigsforlis i Noreg Kategori:Forlis i Troms Kategori:1940 i Noreg Kategori:Historie i Dyrøy