Folégandros (gresk Φολέγανδρος), òg kalla Pholegandros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I lag med Síkinos, Íos, Anáfi og Santoríni dannar ho den sørlege delen av øygruppa. Ho har eit areal på 32 km² og 719 innbyggjarar (2021). Øya har tre små landsbyar, Khóra eller Folégandros, Karavostásis og Áno Meriá.
Folégandros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Folégandros 719 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 370 innbyggjarar.
Geografi Folégandros har eit variert landskap med mellom anna høge klipper og ei stor grotte. Hovudbyen Khóra er bygd på kanten av ei 200 meter høg klippe. Hamna på øya er den litle landsbyen Karavostásis.
Folégandros er ei av mange avsidesliggande greske øyar med natur i flotte omgjevnadar. Med det klåre blå vatnet er strendene her kåra til blant dei ti beste i verda av Travel Channel.
Historie Lite er kjend om den antikke historia til Folégandros. Innbyggjarane var dorianarar og ho kom seinare athensk styre. Øya vart erobra i 1207 av venetianaren Marco Sanudo og var under Venezia fram til 1566, då ho vart ein del av Det osmanske riket. Grekarane tok øya tilbake på 1800-talet.
Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Folégandros (Khóra) 425 370 Áno Meriá 243 259 Karavostásis 87 84 Agáli 9 3 Ájos Jeórjios 0 2 Livádi 1 1
Småøyar i kommunen: Ájos Ioánnis (0) Tría Adélfia (0)
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell side
Kjelde
Folegandros Folegandros Folegandros Folegandros