Leppefisk (Labridae) er ein familie piggfinnefisk som lever i havet. Mange av artane er sterkt farga; og sidan fleire òg skiftar både farge og kjønn på ulike alderstrinn har det eksistert ein del forvirring i systematikken til gruppa. I norske farvatn opptrer 7 av dei ca 500 artane regelmessig.

Leppefiskane er ein stor og variert familie. Dei minste artane målar under 5 cm, medan dei største kan bli opptil 2,3 m lange.

Dei fleste artane er rovfisk på botnlevande virvellause dyr, men det finst òg plankton-etarar og artar som reinsker ektoparasittar frå større fisk.

Artar i norske farvatn Berggylt (Labrus bergylta) Bergnebb (Ctenolabrus rupestris) Brungylt (Acantholabrus palloni) Blåstål og raudnebb (Labrus mixtus) Grasgylt (Centrolabrus exoletus) Grøngylt (Symphodus melops) Junkergylt (Coris julis)

Bakgrunnsstoff FishBase

Kategori:Piggfinnefiskar