Torvald (vel så ofte skrive Thorvald) er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Þorvaldr , samansett av gudenamnet Tor og herskar. Namnet vart mykje bruke i den nasjonale blømingstida på slutten av 1800-talet.

I Noreg har Torvald namnedag 21. august.

Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 vart sju personar manntalsførte med namnet T(h)orvald, fire av dei budde i Flesberg i Buskerud.

I teljinga frå 1900 var det 6 000 personar som het T(h)orvald.

I 2007 er det om lag 850 som heiter T(h)orvald til første fornamn – vel halvparten skriv namnet sitt med h.

Kjende namneberarar Thorvald Christensen (1833-1913), norsk jurist og politikar Thorvald Erichsen (1868-1939), norsk målar Thorvald Astrup (1876-1940), norsk arkitekt Torvald Tu (1893-1955), norsk forfattar Thorvald Stoltenberg (f. 1931), norsk politikar

Fiktive personar Torvald Helmer i Henrik Ibsen sitt skodespel Et dukkehjem Thorvald er kallenamn for Ås-studenten, omsungen i revyvisa «Jeg og n’Thorvald og Johannes» frå 1924.

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Andre kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991)

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav