Tínos (gresk Τήνος, italiensk Tine) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart Tínos kalla Ophiussa og Hydroessa. Dei næraste øyane er Ándros, Dílos og Mýkonos. Ho har eit areal på 194 km² og eit folketal på rundt 8 500 innbyggjarar.
Tínos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Tínos hadde tidlegare tre kommunar, men heile øya er no ein kommune, den einaste i periferieininga.
Mellom 1207 og 1715 høyrte Tínos til Republikken Venezia, og frå 1715 til 1821 høyrte ho til Det osmanske riket før ho vart ein del av Hellas.
Tínos er hos grekarane kjend for kyrkja Panajía Evangelístria, dei om lag 20 vindmøllene, om lag tusen kunstneriske dueslag, femti aktive landsbyar og dei venetianske festningsverka i fjellet, Exómvourgo.
Øya ligg om lag midt i Kykladane og på grunn av kyrkja Panajía Evangelístria, som visstnok inneheld eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria kjem det årleg mange pilegrimar her. Dette er kanskje den mest aktive pilegrimsstaden aust i Middelhavet i dag.
Av mineralressursar på øya finn ein marmor, Verde antico, asbest og eit granittbrot nær Vólakas.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Tínos, no kommunaleininga Tínos Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Tínos Exómvourgo Pánormos Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 8 934 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tínos hadde 6 092 og tettstaden med same namn 4 936 innbyggjarar.
Landskap Tínos har eit variert landskap. Frå kysten ved Pánormos og Kolυmbíthra på nordkysten til Kiónia, Ájos Jánnis O Pórtos og Ájos Sóstis på sørkysten har Tínos mange strender. Tsikniás er det høgaste fjellet med ei høgd på 750 moh. Fjellet Exomvoúrgo er meir særmerkt og er meir kvassare enn dei avrunda fjella ellers i Kykladane, og har ein utsjånad som høyrer meir heime i Alpane. Mellom Tsikniás og Exomvoúrgo ligg den frodige sletta Falatádos. Dette området er unikt på øya sidan det er relativt flatt, som er sjeldan på øya. Dette har gjort ho til ein sterk kandidat for ein flyplass som enno ikkje er bygd på øya. Meltemi-vinden og protestar frå dei lokale landsbybuarane har så langt stoppa denne bygginga. Området rundt Vólakas er surrealistisk og svært uvanleg med store rullesteinar på storleik med store bygningar. Landsbyen Vólakas ligg midt i dette landskapet.
Klima Tínos har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og milde og våtare vintrar.
MånadJanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDes Maks.14 °C15 °C16 °C19 °C22 °C26 °C28 °C28 °C26 °C23 °C19 °C15 °C Min.10 °C10 °C11 °C13 °C17 °C21 °C23 °C24 °C21 °C19 °C15 °C12 °C Nedbør201813138000551528 Vind i km/t293026202123232623262328
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Tínos Tínos 4 762 4 936 Ajía Varvára Tínos 357 433 Pánormos Pánormos 336 382 Stení Exómvourgo 295 265 Kómi Exómvourgo 188 203
Andre busetnader på øya er:
Småøyar i kommunen: Drakonísi (0) Dýsvato (0)
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Tino» frå , den 10. august 2007.
Bakgrunnsstoff
Tinos
Tinos Tinos Tinos Tinos Tinos