Norheimsund kyrkje er ei arbeidskyrkje i Norheimsund i Kvam herad i Vestland fylke. Arkitekt for bygget, som er i mur og tre og har kring 700 sitjeplassar, var Peder A. Ristesund. Kyrkja vart vigsla 4. juni 1989 av biskop Per Lønning etter at grunnsteinen var nedlagt 26. august 1986 av biskop Thor With. Arbeidet med å byggje kyrkja pågjekk med sterk dugnadsinnsats frå bygdefolket frå 1985 til 1992. Det var stiftinga Nytt kyrkjebygg i Norheimsund som stod for reisinga av bygget. Då kyrkja stod ferdig vart ho overført til Kvam herad, som no står for drifta.
mini|venstre|Kyrkja ligg på eit høgdedrag vest for bygdesenteret. Norheimsund kyrkje høyrer til Vikøy sokn i Hardanger og Voss prosti. Attåt Norheimsund-kyrkja høyrer Vikøy kyrkje frå 1838 til soknet. Det hadde ikkje vore kyrkje i Norheimsund før den noverande kyrkja vart bygd, og folk i området sokna då til Vikøy kyrkje. Det er ikkje gravplass ved kyrkja i Norheimsund og jordsetjingar skjer på gravplassen ved Vikøy kyrkje.
Altertavla i betong og stein av Audun Storaas viser den oppstadne Kristus omgjeven av englar og bibelske motiv.
Orgel (1993) bygd av Ryde & Berg.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Vikøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket norske-kirker.net
Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Kvam Kategori:Norske kyrkjer frå 1992