Skýros (gresk Σκύρος) er den sørlegaste øya i Dei nordlege Sporadane i Egearhavet i Hellas. Rundt år 2000 fvt. vart øya kalla «Øya til magnetane», der magnetane budde, og seinare Pelasgia og Dolopia. Med eit areal på 209 km² er ho den største av Dei nordlege Sporadane og har eit folketal på om lag 3 000.

Geografi mini|venstre|Khora eller Skýros på Skýros. Til skilnad frå dei andre øyane i Dei nordlege Sporadane høyrer ikkje Skýros til Thessalía, men er ein eigen kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.

Den nordlege delen av øya er dekt av skog, og her ligg òg det høgaste punktet på øya, Ólymbos på 903 meter over havet, medan den sørlege enden er dominert av fjellet Kókhylas og er berr og steinete. Hovudbyen på øya heiter òg Skýros (eller lokalt Khóra). Den største hamna, som ligg på vestkysten, er Linariá. På øya ligg det ei borg (kastro) som vart bygd under den venetianske okkupasjonen (1200- til 1400-talet), eit austromersk kloster (St. Georg-klosteret), grava til den engelske diktaren Rupert Brooke ved hamna Tris Boúkes og den arkeologiske utgravinga Palamári frå bronsealderen. Det er mange strender langs kysten.

Ein kan nå Skýros med båt frå Skiáthos eller Évvia. Øya har også ein flyplass med éin rullebane.

Myter mini|venstre|Akilles på Skyros. Illustrasjon frå rundt 1400. I gresk mytologi skal Theseus ha døydd på Skýros etter å ha blitt kasta ned ei klippe. Krigshelten Akilles skal ha blitt gøymd her, forkledd som ei jente og etterkvart gifta seg med ei lokal prinsesse før han tok del i Trojakrigen.

mini|Karnevalsfeiring på Skýros.

Historie

I 475 fvt. erobra Kimon heile øya. Frå denne tida vart øya ein del av Det athenske forbundet, som seinare vart det athenske riket. Kimon hevda å ha funne leivningane etter Theseus og sende dei tilbake til Athen.

I 340 fvt. tok makedonarane over øya og regjerte over ho fram til 192 fvt. då romerske styrkar og Filip V av Makedonia gav ho tilbake til Aten.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Skýros 1 657 1 725 Mólos 618 665 Aspoús 107 177 Linariá 116 132 Akhílli 53 61

Dei andre busetnadene på øya er: Akheroúnes (54) Loutró (54) Kalamítsa (43) Kalikrí (43) Thraký (39) Nýfi (33) Atsítsa (13) Pévkos (7) Kyrá Panajá (6) Melá (0)

Småøyar i kommunen: Eriniá (0) Éxo Podiés (0) Mésa Pódia (0) Sarakinó (0) Skyropoúla (0) Válaxa (0)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skyros» frå , den 26. juli 2007.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Reiseguide for Skýros

Kategori:Sporadane Kategori:Kommunar i periferien Sentral-Hellas Kategori:Byar og tettstader i periferieininga Évvia Kategori:Periferieininga Évvia