Wesel er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Wesel der elva Lippe munnar ut i Rhinen.

Historie Byen har sitt opphav i frankisk gods, som først vart nemnd på 700-talet. På 1100-talet kom Wesel inn under grevane av Cleves. Byen vart gjeve mange privilegium og vart eit medlem av Hansaen på 1400-talet. I hertugdømet Cleves var Wesel den nest viktigaste byen etter Köln og eit viktig handelssentrum som ei transitthamn i den nedre delen av Rhinen.

Den andre verdskrigen mini|venstre|97 % av Wesel vart øydelagd under den andre verdskrigen. mini|venstre|Willibrordi-Dom i Wesel i 2005.

Under den andre verdskrigen vart Wesel eit mål for dei allierte, særleg på grunn av den strategiske rolla hans som fordelingssentral. 16., 17. og 19. februar 1945 var byen under eit kraftig åtak som nesten jamna han med jorda. Bruene over Rhinen og Lippe vart sprengd av tyskarane, mellom anna ei 1 950 meter lang jernbanebru, den siste brua tyskarane hadde over Rhinen. Under bombeåtaka vart 97 % av byen øydelagd og til slutt teke av allierte troopar. Folketalet i Wesel hadde falle frå nesten 25 000 i 1939 til 1 900 i mai 1945.http://www.raf.mod.uk/bombercommand/mar45.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wesel» frå , den 18. juli 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen Kategori:Hansaen