Herford er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i kreisen med same namn og ligg i låglandet mellom fjellkjedene Wiehengebirge og Teutoburger Wald.
Geografi Herford ligg sør for Wiehengebirge (Ravensberger Hügelland). Det høgaste punktet er Dornmountain på 240 m i bydelen Schwarzenmoor. Det lågaste punktet, på 56 m, eligg i Werretal i bydelen Falkendiek. Elva Aa munnar ut i Werre i sentrum av byen. Stuckenberg ligg aust for byen.
Historie Byen vart grunnlagd i 789 av Karl den store for å vakte ein vadestad over eit smalt punkt i elva Werre. Eit hundreår seinare voks Matilda, dotter til Theudebert, hertug av Sachsen, opp i klosteret i Herford. Ho var etterkomar etter etter den sachiske leiaren Widukind. I Hereford møtte ho Henrik Fuglefangar, som seinare vart konge av Tyskland.
Seint i mellomalderen vart Herford medlem av Hansaen. Han vart ein fri keisarby, altså direkte underlagt keisaren, men mista denne statusen etter freden i Westfalen i 1648, då han vart annektert av Brandenburg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Herford» frå , den 18. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen Kategori:Frie riksbyar