mini|Den vesle kyrkja Sainte-Chapelle i Paris, med dei høge vindaugo og så å seie inga veggflater, vert rekna som perla i gotisk arkitektur. mini|upright|Katedralen i Ely. mini|Klosteret i Batalha. mini|Gotisk konstruksjon mini|upright|Oppdeling av veggane i arkade, triforium, og klerestorium. Strebebuane kan ein òg sjå. mini|upright|Grunnplan av Laonkatedralen med rett avslutta kor og tverrskip mini|upright|Grunnplan for Notre-Dame i Reims, bygginga byrja kring 1210. Koret er vorte absidalt og tverrskipa er i ferd med å forsvinna mini|upright|Grunnplan for Kølnerdomen Gotisk arkitektur eller gotikk er ein periode innan arkitektur, skulptur og målarkunst, framfor alt i kyrkje- og klosterarkitekturen og den religiøse kunsten, men òg i den verdslege arkitekturen. Gotikken dominerte det katolske Vest-Europa i mellomalderen, frå kring 1150 til kring 1550. Kan hende meir enn noko anna periode innan europeisk kunsthistorie vart gotikken basert på prinsipp for konstruksjonen av bygningane. Byggmeistrane utvikla og kombinerte spissbogar og ribbekrysskvelving på ein ny måte, og nytta kombinasjonar av utvendige pillarar og støttebogar for å take opp sidekraftene frå kvelva over kyrkjeromma. Største problemet var å få til harmoniske kryssande kvelvingar - særskilt om dei hadde ulik diameter.

Den gotiske byggjestilen vert ofte kalla spissbogestilen av di stilen er kjenneteikna av at bogar og kvelv vart gjeve ei avspissa form, i motsetnad til dei halvsirkelforma bogane og kvelva som kjenneteikna den tidlegare bygningsstilen i mellomalderen, den romanske stilen, òg kalla rundbogestilen. Eit viktig utviklingsdrag i gotikken var dessutan ideen om å gjere kyrkjebygningane og kyrkjeromma så høge som råd var, og dessutan å samle tyngdene av kvelva mest mogleg i punkter, slik at veggane kunne opnast opp og sleppe det himmelske ljoset inn i bygningane gjennom store vindaugo med fargerike glasmåleri.

Inndeling av gotikken Vanlegvis vert byrjinga på gotikken rekna å vera 1136, då kyrkjekoret i den franske Saint Denis-kyrkja vart ombygd under leiing av abbed Suger.

Gotikken vert gjerne delt inn i tre faser:

Unggotikk kring 1140 til 1190 Høggotikk kring 1194 Seingotikk kring 1375

I England er ei anna inndeling vanleg: Early English fra ca. 1180 Decorated seint på 1200-talet Perpendicular frå kring 1310

Nygotikk I løpet av renessansen og barokken såg ein stort sett på gotikken med forakt. Interessa tok seg trass i dette opp i England på slutten av 1700-talet, og frå kring 1825 braut nygotikken fram for alvor i England. Snart spreidde han seg til alle delar av den katolske og protestantiske verda, og i dag finst nygotiske kyrkjer i alle verdsdelar.

Nokre kjende gotiske katedralar

Katedral Byggår Sted/Region Frankrike Klosterkyrkja Saint-Denis 1136 Saint-Denis, Île-de-France Notre-Dame i Chartres 1194–1220 Chartres, Eure-et-Loir Nortre-Dame i Reims 1210–1252 Reims, Marne Notre-Dame i Laon 1155–1230 Laon, Aisne Notre-Dame de Paris 1160 Paris Notre-Dame i Amiens 1220–1266 Amiens Saint-Étienne i Bourges 1195-1255 Bourges, Cher Saint-Pierre i Beauvais 1225-1278 Beauvais, Oise Sainte-Chapelle 1242–1248 Paris Sainte-Cécile Albi Eglise-des-Jacobins Toulouse Italia Santa Maria sopra Minerva Roma Santa Maria Novella i Firenze Firenze Domkyrkja i Siena Siena Domkyrkja i Milano Milano San Franceso-kyrkja Assisi Spania Santa Maria i Burgos 1221–1260 Burgos Katedralen i Leon 1253–1302 Leon Santa Maria de la Sede Sevilla Storbritannia Salisburykatedralen Salisbury Wellskatedralen Wells Rochesterkatedralen Rochester Lincolnkatedralen Lincoln Gloucesterkatedralen Gloucester Westminster Abbey London Tyskland Domkyrkja i Naumburg Naumburg Kölnerdomen Köln Katedralen i Ulm Ulm Freiburger Münster Freiburg Sentraleuropa Stefansdomen 1258 Wien i Austerrike Mariakyrkja i Kraków Polen Mariakyrkja i Gdansk Polen Katedralen i Zagreb Kroatia

Litteratur Coldstream, Nicola; The Decorated style, Architecture and ornament 1240-1360, London 1994 ISBN 0-7141-2734-5 Frankl, Paul; Gothic Architecture, Yale University Press 2000, ISBN 0-300-08799-3 Grodecki, Louis; Gothic Architecture, Milano 1978, ISBN 0-571-14515-9 Jantzen, Hans; High Gothic, New jersey 1984 ISBN 0-691-00372-6 Simson, Otto von; The Gothic Cathedral, New York 1956. ISBN 0-691-01867-7 Wilson, Christopher; The Gothic Cathedral, London 1990. ISBN 0-500-27681-1

Bakgrunnsstoff

Bildete frå mellomalderens kunst og arkitektur Historia om gotisk arkitektur Kunsthistorie Witcome Kart over katedralar i England og Wales Pevsner Architectural Guides Britain Express — Early english gotisk arkitektur BTinternet Tidslinje Britain Express: Decorated gotisk arkitektur BTinternet Tidslinje Britain Express - Perpendicular gotisk arkitektur BTinternet Tidslinje Katedralen i Amiens, Quiz Interiør Katedralen i Amiens Quiz Eksteriør

Kategori:Arkitektoniske periodar Kategori:Stilartar