mini|Kommunevåpenet til Frei kommune føre samanslåinga med Kristiansund. Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2572 innbyggjarar (2024). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Frei kommune Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.

Grensene til Frei kommune vart endra fleire gonger. I 1882 vart ein del overført til Øre kommune og i 1893 vart ein del skilt ut og innlemma i nyoppretta Gjemnes kommune. I 1964 mista kommunen ein del av Aspøya til Tingvoll kommune, men fekk til gjengjeld ein del av øya Frei som fram til då hadde vore del av Bremsnes kommune.

Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.

Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for øya Frei 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå DigitalarkivetFolketeljing 1801 for Tingvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå DigitalarkivetFolketeljing 1900 for Frei herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 396 1055 4954 5676

Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007: 1.1.1964Folkemengd i Frei 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2007 2369 2599 4204 4893 5187 5428

Natur

Topografi

Øyar og holmar Flatsetøya Husøya Hansøya i Bolga Fugløya Rensvikholmen Amundøya Brattøya Flatøya Kattholmen Årholmen

Fjell og åsar Freikollen Ørnlia Flåhylla Breilia Kistfjellet Midtfjellet Hysåsen Storskarven

Vatn

Bolgavatnet Rensvikvatnet Drabovatnet Kjerringvatnet Sætervatnet Litlvatnet («Lille Rensvikvatn»)

Merknadar

Kjelder

Kategori:Øyar i Kristiansund Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838