University of Cambridge (norsk Universitetet i Cambridge) er det nest eldste universitetet i den engelskspråklege verda. Universitetet i Cambridge har nokre av dei strengaste opptaksreglane i Storbritannia, og er ved sidan av University of Oxford eitt av verdas mest prestisjefylte universitet. Saman vert dei to universiteta ofte omtala med teleskopordet Oxbridge.
Dei tidlegaste arkiva er ikkje tekne vare på, men det er rekna at universitetet kan førast attende til 1209. Nokre universitetstilsette skal ha flykta frå Oxford til Cambridge etter eit samanstøyt med borgarane i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Cambridge Kategori:Cambridge Kategori:Skipingar på 1200-talet