Sverige debuterte i Eurovision Song Contest i 1958 og har delteke 62 gongar. Sverige er eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med sju sigrar, ein andreplass og seks tredjeplassar. Sverige deler dimed rekorden over flest sigrar i Eurovision Song Contest saman med Irland. Fleire svenske bidrag har også blitt store hitar verda over, blant dei «Euphoria» (2012), «Tattoo» (2023) og ikkje minst «Waterloo» av ABBA (1974), som blei kåra til tidenes Eurovision-song i jubileumsshowet Congratulations i 2005.
Sverige er trulig også det landet der Eurovision Song Contest står sterkast, og svenskane sin nasjonale finale, Melodifestivalen, har vore ei inspirasjonskjelde for fleire andre land, blant anna Noreg. Sverige har komme sist to gongar, i 1963 og 1977. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Sverige berre missa finalen ein gong, i 2010 med og «This Is My Life».
Historikk miniatyr|Alice Babs var den fyrste artisten som representerte Sverige i Eurovision Song Contest. Det er den svenske ålmennkringkastaren SVT som sender Eurovision Song Contest i Sverige, og som har ansvaret for å velje bidraget som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Sverige debuterte på ein fjerdeplass med «Lilla stjärna» i 1958, og året etter etablerte SVT ein nasjonal finale for å velje song og artist som skal representere landet i tevlinga. Den nasjonale finalen fekk etter kvart namnet Melodifestivalen og har lenge vore eit av dei mest populære tv-programma på svensk tv.
Melodifestivalen Det er få nasjonar som tek Eurovision Song Contest like alvorleg som svenskane, noko som blant anna kjem til uttrykk i den svenske tevlinga. Meir enn 3000 songar blir sende inn til Melodifestivalen kvart år, og kjende artistar og låtskrivarar i landet nærmast knivar om å få delta i tevlinga. Melodifestivalen går dessutan over seks veker kvar vinter, og opptil ein tredel av landet ser finalen.
Melodifestivalen blir også følgd med stor interesse av Eurovision-tilhengjarar verda over, og kvart år reiser hundrevis av fans til Stockholm for å få med seg den svenske finalen. Den svenske tevlinga har også vore inspirasjonskjelde for andre land og kringkastarar, blant dei Noreg og NRK, som i 2006 innførte delfinalar i Melodi Grand Prix etter mønster frå Sverige. I Eurovision Song Contest 2016 gjorde også Den europeiske kringkastingsunionen om på den tradisjonsrike avrøystinga. Endringa var inspirert av Melodifestivalen og blei gjort for å halde på spenninga til siste slutt.
Eurovision Song Contest Etter debuten i 1958 og til uti i 1970-åra hadde Sverige varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sverige fekk ein andreplass i 1966, godt hjelpt av dei nordiske naboane sine, som gav landet 15 av til saman 16 poeng. Ein femteplass kom i 1969, og ein ny femteplass følgde i 1973. Året etter kom det verkelege gjennombrotet til Sverige i tevlinga, då popgruppa ABBA vann med «Waterloo». Sigeren bana veg for en solid internasjonal karriere for gruppa. miniatyr|ABBA vann Eurovision Song Contest i 1974. Etter sigeren i 1974 hadde Sverige liten suksess fram til Carola song landet inn til ein tredjeplass i 1983 med «Främling». Året etter sikra gruppa Herreys den andre sigeren til Sverige med «Diggi-loo diggi-ley», og fleire gode resultat følgde i åra etter. Carola var tilbake i 1991 og vann ein knapp siger med «Fångad av en stormvind» i Roma. Den fjerde sigeren til Sverige kom med Charlotte Perrelli og «Take Me to Your Heaven» i 1999.
Etter tusenårsskiftet har Sverige overtatt som det mest suksessrike i tevlinga, med heile 13 topp fem-plasseringar – inkludert tre sigrar. Landet hadde ein liten nedgangsperiode frå 2007, og i 2010 kvalifiserte ikkje Sverige seg til finalen, for fyrste og førebels einaste gong. Men Sverige kom sterkt tilbake med ein tredjeplass i 2011. Sidan då opplevde landet ein gullalder utan sidestykke – med tre sigrar, to tredjeplassar, ein fjerdeplass og tre femteplassar. I tillegg var Sverige i topp tre i sin semifinale kvart einaste år i perioden 2011–2019. I 2021 enda landa på 14. plass, det dårlegaste resultatet på åtte år.
Forholdet mellom Sverige og Noreg i Eurovision Song Contest miniatyr|Carola er ein av fleire svenske Eurovision-artistar som har blitt populære i Noreg. Den svenske deltakinga i Eurovision Song Contest har stort sett alltid blitt følgd med argusauge i Noreg, og mange av dei svenske deltakerlåtane har også blitt populære i Noreg. I tillegg har svenske deltakarar som Lill-Babs, Lill Lindfors, Carola og blitt kjende og populære artistar i nabolandet. Landa «utveksler» dessutan artistar, blant anna har Lill-Babs og Elisabeth Andreassen delteke i Melodi Grand Prix, mens norske Maria Mittet, Tone Damli og Marcus & Martinus har delteke i Melodifestivalen.
Årlig pressekrangel Som i langrennssporet har Sverige og Noreg tradisjonelt hatt eit elsk-hat-forhold i Eurovision Song Contest, og det har nærmast blitt ein årviss tradisjon at pressa i begge land hausser opp stemninga i forkant av tevlinga. I 2003 skreiv for eksempel svenske Aftonbladet at den norske deltakaren, , song «som en ustemt sykkelpumpe», mens Charlotte Perrelli i 2008 rasa mot norsk presse etter at hadde karakterisert ho som ei pornostjerne og .
Mangeårige kommentator i NRK, , hadde som regel eit mål for Noreg, og det var å slå Sverige. I 1997 hissa han på seg svenskane då han meinte den svenske gruppa korkje kunne syngje eller danse. Men det toppa seg i 2003 då Pedersen på direkten sa at den svenske duoen hadde «mindre utstråling enn bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentaren enda med at EBU foretok ei gransking av kommentaren til Pedersen, utan at det blei nokre konsekvensar i ettertid.
Gode poeng-venar Mens pressa krangler, er sjåarane i begge land langt bedre venar. Særleg kjem det gode naboskapet til syne på poengfronta. Per 2023 har Sverige for eksempel mottatt 417 poeng frå Noreg, meir enn noko anna land. Sverige er også det landet som har gitt mest poeng til Noreg, med 267 poeng. Men det har ikkje gått automatikk i å dele ut høge poeng til kvarandre. Då Noreg vann med «Nocturne» i 1995, gav for eksempel ikkje den svenske jurygruppa eit einaste poeng til den norske vinnarlåten. Den norske jurygruppa gav Carola «berre» åtte poeng då ho vann i 1991, og i 2016 oversåg den norske jurygryppa svenske «If I Were Sorry» fullstendig, noko som blei møtt med vantro i Sverige. Året etter gav heller ikkje den svenske jurygruppa poeng til det norske bidraget «Grab the Moment».
Deltakarar Under er ei liste over deltakarar, plasseringar og poenga for Sverige i tevlinga sidan debuten i 1958.
ÅrArtistTittelSpråkFinaleSemifinale Plass Poeng Plass Poeng 1958 Alice Babs «Lilla stjärna» Svensk410 colspan="2" rowspan="35" data-sort-value="99999" 1959 Brita Borg «Augustin» Svensk94 1960 Siw Malmkvist «Alla andra får varann» Svensk104 1961 Lill-Babs «April, april» Svensk142 1962 Inger Berggren «Sol och vår» Svensk74 1963 Monica Zetterlund «En gång i Stockholm» Svensk130 colspan="5" 1965 Ingvar Wixell «Absent Friend» Engelsk106 1966 Lill Lindfors og Svante Thuresson «Nygammal vals» Svensk2 16 1967 Östen Warnerbring «Som en dröm» Svensk87 1968 Claes-Göran Hederström «Det börjar verka kärlek, banne mej» Svensk515 1969 Tommy Körberg «Judy, min vän» Svensk98 colspan="5" 1971 Family Four «Vita vidder» Svensk685 1972 Family Four «Härliga sommardag» Svensk1375 1973 Nova «You're Summer» Engelsk594 1974 ABBA «Waterloo» Engelsk124 1975 Lars Berghagen og The Dolls «Jennie, Jennie» Engelsk872 colspan="5" 1977 Forbes «Beatles» Svensk182 1978 Björn Skifs«Det blir alltid värre framåt natten» Svensk1426 1979 Ted Gärdestad«Satellit» Svensk178 1980 Tomas Ledin«Just nu!» Svensk1047 1981 Björn Skifs«Fångad i en dröm» Svensk1050 1982 Chips«Dag efter dag» Svensk867 1983 Carola«Främling» Svensk3126 1984 Herreys«Diggi-loo diggi-ley» Svensk145 1985 Kikki Danielsson«Bra vibrationer» Svensk3103 1986 Monica Törnell og Lasse Holm«E' de' det här du kallar kärlek» Svensk578 1987 Lotta Engberg«Boogaloo» Svensk12 50 1988 Tommy Körberg«Stad i ljus» Svensk1252 1989 Tommy Nilsson«En dag» Svensk4110 1990 Edin-Ådahl«Som en vind» Svensk1624 1991 Carola«Fångad av en stormvind» Svensk1146 1992 Christer Björkman«I morgon är en annan dag» Svensk229 1993 Arvingarna«Eloise» Svensk789 colspan="2" data-sort-value="-9999" 1994 Marie Bergman og Roger Pontare «Stjärnorna» Svensk1348 rowspan="2" colspan="2" data-sort-value="99999" 1995 Jan Johansen «Se på mig» Svensk3100 1996 One More Time «Den vilda» Svensk31001227 1997 Blond «Bara hon älskar mig» Svensk1436 rowspan="7" colspan="2" data-sort-value="99999" 1998 Jill Johnson «Kärleken är» Svensk1053 1999 Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» Engelsk1163 2000 Roger Pontare «When Spirits Are Calling My Name» Engelsk788 2001 Friends «Listen to Your Heartbeat» Engelsk5100 2002 Afro-Dite «Never Let It Go» Engelsk872 2003 Fame «Give Me Your Love» Engelsk5107 2004 Lena Philipsson «It Hurts» Engelsk5170 rowspan="2" colspan="2" data-sort-value="-9999" 2005 Martin Stenmarck«Las Vegas» Engelsk1930 2006 Carola«Invincible» Engelsk51704214 2007 The Ark«The Worrying Kind» Engelsk1851 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2008 Charlotte Perrelli«Hero» Engelsk18471254 2009 Malena Ernman«La voix» Engelsk og fransk21334105 2010 Anna Bergendahl«This Is My Life» Engelsk colspan="2" 1162 2011 Eric Saade«Popular» Engelsk31851155 2012 Loreen«Euphoria» Engelsk13721181 2013 Robin Stjernberg «You» Engelsk1462 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2014 Sanna Nielsen«Undo» Engelsk3218 2 131 2015 Måns Zelmerlöw«Heroes» Engelsk13651217 2016 Frans«If I Were Sorry» Engelsk5261 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2017 Robin Bengtsson«I Can't Go On» Engelsk53443227 2018Benjamin Ingrosso«Dance You Off» Engelsk72742254 2019John Lundvik«Too Late for Love» Engelsk53343238 The Mamas«Move» Engelsk colspan="4" 2021Tusse«Voices» Engelsk141097142 2022Cornelia Jakobs«Hold Me Closer» Engelsk44381396 2023Loreen«Tattoo» Engelsk15832135 2024Marcus & Martinus«Unforgettable»Engelsk9174 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2025KAJ«Bara bada bastu» Svensk43214118 2026«» Engelsk I 2008 kom Sverige på tolvteplass i sin semifinale, men avanserte likevel til finalen. Bakgrunnen var at tv-sjåarane røysta fram ni bidrag til finalen, mens juryane valde det tiande. Det svenske bidraget var juryen sitt val og sikra seg dimed ein finaleplass.
Røystehistorikk
+ Sverige har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 267 02 227 03 214 04 186 05 172
+ Sverige har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 417 02 398 03 323 04 267 05 257
Galleri
Eurovision Song Contest i Sverige År Stad Arena Programleiar(ar) 1975 Stockholm Sankt Eriks-Mässan Karin Falck 1985 Göteborg Scandinavium Lill Lindfors 1992 Malmö Malmö Isstadion Lydia Cappolicchio og Harald Treutiger 2000 Stockholm Globen Kattis Ahlström og Anders Lundin 2013 Malmö Malmö Arena Petra Mede 2016 Stockholm Globen Petra Mede og Måns Zelmerlöw 2024 Malmö Malmö Arena Petra Mede og
Sjå òg Sverige i Junior Eurovision Song Contest Melodifestivalen
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Sverige i Eurovision Song Contest» frå , den 21. desember 2023.
Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Sverige i Eurovision Song Contest
Kategori:Sverige i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Svensk musikk Kategori:Svenske musikktevlingar