Yngve Sundvor () er ein norsk sceneinstruktør, regissør og manusforfattar. Han voks opp i Norheimsund i Hardanger, og er utdanna ved Det russiske akademiet for scenekunst i Moskva. Han har sidan laga eit førtitals produksjonar både i Noreg og utanlands. Yngve Sundvor har fleire gonger handsama og iscenesett tekstane til Knut Hamsun.

I perioden 2001-2003 markerte Sundvor seg som kunstnarisk leiar for «Utan filter»-prosjektet ved Det Norske Teatret, eit dogmeteaterprosjekt han dreiv saman med regissør og produsent Odd Christian Hagen - i eit ensemble som særleg satsa på nyskriven norsk dramatikk og med ein fast kjerne av skodespelarar. «Utan filter» var skodespelarbasert teater med minimal scenografi – mest mogleg frigjort frå teatermaskineriet og med fantasien, skodespelarane og tilskodarane som sin viktigaste ressurs.

Verk regisserte av Sundvor (Utval) Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht med musikk av Kurt Weill - Litauen, 1997. (Internasjonal debut.) Tartuffe av Molière i Montpellier i Frankrike, 1997. Skjønnhetsdronningen av den irske dramatikaren Martin McDonagh på Trøndelag Teater, 1997. (Norsk debut, løna med Heddaprisen for beste regi.) Å temme trollet av Shakespeare, Teatret Vårt. Brenn draumane mine på Callos Rei, monolog av Torvald Sund, Teatret Vårt. Stengde dører av Jean Paul Sartre, Det Norske Teatret. Bøddelen av Pär Lagerkvist, Det Norske Teatret. Kong Lear av Shakespeare Cirkus av den tsjekkisk-austerrikske dramatikaren Pavel Kohout, Nationaltheatret. Sult av Knut Hamsun på Nationaltheatret. (Løna med både Heddaprisen for beste regi, og Teaterkritikarprisen.) Ingen skriv til obersten av den colombianske forfattaren Gabriel García Márquez, Det Norske Teatret. Et dukkehjem av Henrik Ibsen, Den Nationale Scene/Riksteateret, 2004. Putemannen av Martin McDonagh, Den Nationale Scene, 2004. Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov, Rogaland Teater, 2005. Markens Grøde av Knut Hamsun, Harstad, 2005 Frøken Julie av August Strindberg, Rogaland Teater, 2006. Hedda Gabler av Henrik Ibsen, Nationaltheatret/Riksteateret, 2006. Pan av Knut Hamsun, Hålogaland Teater, 2008. Reksten - Firmaets mann av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2014. Hotel Norge av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2018.

Kjelder

Store Norske Leksikon om Yngve Sundvor. Biografi om Sundvor på Rogaland Teater sine nettsider. Biografi på Nationaltheatret sine nettsider. Intervju med Sundvor i Stavanger Aftenblad om oppsetjinga av Mesteren og Margarita. Melding i Aftenposten av Markens Grøde av Sundvor. Melding i Klassekampen av Frøken Julie av Sundvor. Melding av Hedda Gabler av Sundvor. Melding av Reksten - Firmaets mann, Bergensavisen Melding av Hotel Norge, Bergens Tidende

Kategori:Norske regissørar Kategori:Norske manusforfattarar Kategori:Norske sceneinstruktørar Kategori:Folk frå Kvam Kategori:Vinnarar av Heddaprisen