Internasjonal meister (IM) i sjakk er ein sjakktittel som Verdssjakkforbundet (FIDE) deler ut til svært sterke sjakkspelarar. Tittelen er livsvarig. Internasjonal meister rangerer lågare enn tittelen sjakkstormeister.
For å få tittelen krevst det normalt sett at spelaren har oppnådd sterke resultat i 2 eller 3 internasjonale sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. For internasjonale meistrar krevst det ein ratingprestasjon i den enkelte turneringa på minst 2450. Dei må dessutan på eit eller anna tidspunkt ha hatt ein eigen FIDE-rating på minst 2400. (Elo-rating.)
Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 2 stormeistrar eller 3 internasjonale meistrar i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.
Det var per 1. april 2021 3890 sjakkspelarar med IM-tittel.FIDE si ratingliste
Avlidne Internasjonale meistrar frå Noreg Dei første frå Noreg som vart utnemnde til tittelen internasjonal meister var: Olaf Barda, tidlegare Olaf M. Olsen (1909-1971), utnemnd som den første internasjonale meisteren i 1952.Brekke s. 95 Svein Johannessen (1937-2007), utnemnd i 1961. Den fjerde norske som fekk IM-tittelen var Arne Zwaig (1947-2022), utnemnd i 1975 Den sjette norske som fekk IM-tittelen var Knut Jøran Helmers (1957-2021), utnemnd i (1978) Den sjuande norske som fekk IM-tittelen var Arne Vinje, (tidlegare Arne Vinje Gulbrandsen) (1943-2011), utnemnd i 1981 Joachim Thomassen (1990-2026), utnemnd (2010)FIDE si liste over utnemningar på kongressen i Khanty-Mansiysk 23.9-4.10.2010, vitja 2.11.2010
Nolevande Internasjonale meistrar frå Noreg Per 20. mai 2026 hadde Noreg 34 sjakkspelarar med tittelen internasjonal meister. FIDE si ratingliste med søkbar oversikt over norske IM, vitja 11. juli 2024 Desse er, med året for tittelen i parantes:
Terje Wibe (1977) Bjørn Tiller (1982) Petter Haugli (1988) Ivar Bern (1992) Roy Fyllingen (1995) Erik Fossan (1997) Eirik Gullaksen (1998) Frode Elsness (2001) Helge Nordahl (2005)Spelarkort hos FIDE for Helge Nordahl Bjarte Leer-Helgesen (2006)Spelarkort hos FIDE for Bjarte Leer-Helgesen Øystein Hole (2007)Spelarkort hos FIDE for Øystein Hole Magne Sagafos (2007)Spelarkort hos FIDE for Magne Sagafos Espen Lie (2007) Torstein Bae (2007) Atle Grønn (2008) Nicolai Getz (2011)Ratingkort hos FIDE for Nicolai Getz Geir Sune Tallaksen Østmoe (2011)Tittelgodkjenningar på FIDE-kongressen i Krakow, oktober 2011 Andreas Moen (2012) Kjetil Stokke (2013) Joachim Birger Nilsen (2017)Spelarside hos FIDE for Joachim Birger Nilsen Lasse Østebø Løvik (2017) Tor Fredrik Kaasen (2018) Benjamin Haldorsen (2018) Erlend Mikalsen (2019) Johannes Haug (2019) Mads Vestby-Ellingsen (2020) Semen Mitusov (2022) Jens E Ingebretsen (2023) Saad Abobaker Elmi (2025)
Bjarke Sahl (tidlegare Bjarke Kristensen), frå Danmark, har budd mange år i Noreg. Han melde i 2007 overgang frå Danmark til Noreg, og vart dermed av verdssjakkforbundet per 1. oktober 2007 registrert som Noreg sin 20. dåverande IM.FIDE overgangar 2007 Maxim Barth Stanford (2008) melde overgang frå England til Noreg frå 7. juli 2012.FIDE overgangar 2012 Vadims Daskevics Berg (2010) melde overgang frå Latvia til Noreg med verknad frå 10. desember 2017. FIDE transfers, sjå lista for 2017 John Paul Wallace (1996) melde overgang frå Australia til Noreg frå 25. april 2023.FIDE transfers, sjå lista for 2023 Jesper Hall (1993) melde overgang frå Sverige til Noreg frå 10. april 2024https://ratings.fide.com/transfers.phtml FIDE transfers, sjå lista for 2024
I tillegg har alle dei 20 norske spelarane med tittelen Stormeister i sjakk vore internasjonal meister i kortare eller lengre tid, før dei klarte å kvalifisere seg til den gjævare tittelen stormeister. Sebastian Mihajlov (2017), melde overgang frå Noreg til Kroatia frå 11. mai 2023
Kjelder Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for sjakktitlar i nærsjakk Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Norsk Sjakkblad
Fotnotar
Kategori:Sjakktitlar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk