Werra er ei elv sentralt i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå høgre med ei lengd på 293 km. Ho har utspring nær Eisfeld sør i Thüringen, og renn i saman med Fulda i Hann. Münden, der dei dannar elva Weser.
Werradalen (Werratal) dannar den naturlege grensa mellom Rhön og Thüringer Wald. Her finn ein mellom anna Eiben Wald nær Dermbach, sandsteinsgrotta i Walldorf, den djupaste innsjøen i Tyskland som er danna av subsidens, som ligg nær Bernshausen, og Krayenburg, ruinane av eit slott frå 786.
Av byar og tettstader langs Werra finn ein: Hildburghausen, Meiningen, Bad Salzungen, Tiefenort, Philippsthal, Gerstungen, Eschwege, Witzenhausen og Hannoversch Münden.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Werra» frå , den 26. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Hessen Kategori:Thüringen Kategori:Niedersachsen