Tiroler Achen er ei elv i Austerrike og Tyskland med utspring i Kitzbühleralpane som Großache der elvane Kitzbühler Ache, Reither Ache og Fieberbrunner Ache renn i hop. I Bayern vert elva kalla Tiroler Achen, og her munnar ho ut i Chiemsee.

Elva har ei lengd på 79 km, der 24 km renn i det tyske landkreiset Traunstein. Elvedeltaet er erklært eit naturreservat.

I 1970-åra vart elva rekna som svært forureina på grunn av forureining frå spillvatn. Økologiske tiltak vart gjennomført og elva er i dag rekna som moderat forureina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiroler Achen» frå , den 6. juni 2007.

Kategori:Bayern Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Elvar i Austerrike