Pellworm (dansk Pelvorm, frisisk Polweerm eller Pälweerm) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Nordsjøen ved kysten av Tyskland. Ho er ein del av landkreis Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein, og har eit areal på 37 km² og om lag 1 100 innbyggjarar.

I mellomalderen var Pellworm del av ei større øya kalla Strand, som vart delt i fleire delar av Burchardiflaumen i 1634. Andre restar av Strand er Nordstrand og Halligen.

Pellworm har ferjesamband med naboøya Nordstrand, som igjen er forbunde til fastlandet via ei vegfylling.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pellworm» frå , den 1. juni 2007.

Kategori:Dei frisiske øyane Kategori:Øyar i Tyskland Kategori:Schleswig-Holstein