Loches er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Indre-et-Loire i regionen Centre og har om lag 6 000 innbyggjarar. Byen ligg 45 km søraust for Tours ved den venstre breidda til Indre.
Historie Loches (romersk Leucae) voks opp rundt eit kloster grunnlagd rundt 500 av St. Ours og høyrte til grevane av Anjou frå 886 til 1205. I 1205 vart han erobra av Kong John av England frå Filip Augustus, og frå midten av 1200-talet fram til og med Karl IX av Frankrike var slottet i byen residens for kongane av Frankrike.
Bakgrunnsstoff
Offisiell turistside Virtuel vitjing i Loches
Kategori:Indre-et-Loire Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Centre