Dinan er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Côtes-d'Armor i regionen Bretagne og har om lag 11 000 innbyggjarar.

Byen er ein av dei flottaste byane i Frankrike med bymurar rundt, og er bygd i ei åsside ovanfor elva Rance

Attraksjonar Av attraksjonar i Dinan finn ein Jacobins teater frå 1224, den rikt ornamenterte og gotiske kyrkja St. Malo, den romanske basilikaen St. Savoiour, hertuginne Anne sitt tårn og Château de Dinan.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Côtes-d'Armor Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bretagne