Sedan er ein by og kommune nordaust i Frankrike i departementet Ardennes der han er sous-préfecture.

Det historiske sentrumet er bygd på ei halvøy danna av ein sving i elva Meuse. Byen var lenge eit senter for klesproduksjon, starta av Kardinal Mazarin, noko som støtta opp om utviklinga av byen.

Historie På 1500-talet var Sedan eit asyl for protestantiske flyktningar under Hugenottkrigen.

Fram til 1651 høyrte fyrstedømet Sedan til familien La Tour d'Auvergne. Den mest vidkjende av desse var Marskalk Turenne, fødd i Sedan 11. september 1611.

2. september 1870 under den fransk-prøyssiske krigen vart den franske keisaren Napoleon III tatt til fange i lag med 100 000 av soldatane sine under Slaget ved Sedan. Den store sigeren, som gjorde det «andre Reich» i Tyskland mogeleg, førte til at 2. september vart erklært «Sedandag» (Sedantag) og ein nasjonal tysk heilagdag i 1871, noko han var fram til 1919.

Under den andre verdskrigen invaderte tyske troppar først det nøytrale Belgia og kryssa elva Meuse i Sedan. Dette gjorde at dei kom seg forbi dei franske festningsverka kalla Maginotlinja.

Borg mini|venstre|Borga i Sedan I dag er Sedan kjend for borga si, som visstnok skal vere den største borga frå mellomalderen i Europa med ei totalt flatevidd på 30 000 m² fordelt på sju nivå. Det er det einaste som er igjen av det ein gong enorme festningsverket i og rundt byen. Bygginga byrja i 1424 og festningsverka vart stadig utbetra etter kvart.

Bakgrunnsstoff Det tyske gjennombrotet i 1940 Nettside om festningane i Sedan

Kategori:Ardennes Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Grand Est