mini|Mynt med riddarordenen sitt merke
Den tyske riddarordenen eller Den tyske ordenen (tysk , latin eller ) var den eine av tre store riddarordenar som vart til under krosstoga. Dei to andre er Johannittar- eller Maltesarordenen og Tempelriddarordenen. Dei tyske riddarane gjorde at tysk kultur vart spreidd i så stort omfang i Aust-Europa.
Den tyske riddarordenen vart grunnlagd i 1189-1190Tyske orden. Store norske leksikon. Vitja 27. august 2020 av kjøpmenn frå Bremen og Lübeck under det tredje krosstoget. Dei heldt først til i Acre i det som nå er Israel.
Etter krosstoget søkte ordenen nye oppgåver, og baud seg fram som religiøse leigetroppar til kristne rike som kjempa mot heidningar i Aust-Europa. Dette skjedde i Burzenland i Transylvania, og i Kulmerland mot det baltiske prøyssarfolket. Som betaling for å erobra Preussen fekk dei tyske riddarane retten til å styra desse områda.
Den tyske ordenen herska seinare over mange område rundt Austersjøen, kalla Ordenstaat. Den største rivalen deira var Polen-Litauen, som slo dei i det avgjerande slaget ved Tannenberg (slaget ved Grunwald) i 1410 .
Kjelder
Kategori:Tysk historie Kategori:Krosstoga