Ratko Mladić () var ein bosnisk-serbisk generaloberst og øvstkommanderande for den bosnisk-serbiske hæren under borgarkrigen 1992–95 som vart dømd for krigsbrotsverk.
Mladić leia dei bosnisk-serbiske styrkane i omleiringa av Sarajevo frå 1992 til 1995, og ved Srebrenica-massakren i 1995. Etter desse handlingane blei han ettersøkt av NATO, og etter kvart også av Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia (Jugoslavia-tribunalet). Han levde fram til 2002 i Beograd, verna av Serbia, medan Slobodan Milošević var statsleiar. Deretter gjekk han under jorda, men blei arrestert av serbisk politi i 2011, etter nesten 16 år på flukt. I 2017 blei han dømd til livstid i fengsel for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja.
Kjelder
War crime suspect Ratko Mladic arrested, rt.com, 26 May, 2011, 14:55 Denne artikkelen bygger på «Ratko Mladić» frå , den 8. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bosniarar Kategori:Folk frå regionen Foca Kategori:Serbiske offiseaer Kategori:Folk frå borgarkrigen i Jugoslavia Kategori:Serbarar dømde for brotsverk Kategori:Folk dømde for folkemord Kategori:Folk dømde for brotsverk mot menneskja Kategori:Folk dømde for krigsbrotsverk