Charleville-Mézières er ein by og kommune nordaust i Frankrike, og préfecture (hovudstad) i departementet Ardennes, som igjen er ein del av regionen Grand Est. Byen ligg ved elva Meuse (eller Maas) og har i dag nærare 60 000 innbyggjarar.

Historie Kommunen Charleville-Mézières vart oppretta i 1966 av fem tidlegare kommunar som alt danna ein enkel agglomerasjon. Desse kommunane var Charleville, Étion, Mézières (tidlegare préfecture), Mohon og Montcy-Saint-Pierre. Ein annan kommune, Le Theux, hadde alt vorte ein del av Mézières i 1965.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ardennes Kategori:Byar i Grand Est