Michael Holbrook Penniman, kjend som Mika (), er ein libanesisk-britisk songar og pianist. Han hadde sin fyrste suksess med låten «Grace Kelly» våren 2007. Albumdebuten Life in Cartoon Motion frå same året selde i over 5,6 milionar eksemplar og vann han ein Brit Award og ein Grammy-nominasjon. I 2009 gav han ut sitt andre album, The Boy Who Knew Too Much.

Liv Michael Holbrook Penniman vart fødd i Beirut i Libanon med libanesisk mor og amerikansk far. Då han var eitt år gammal forlét familien det krigsramma landet og busette seg i Paris. Då han var ni flytta dei til London. Her var han elev ved den franske skulen Lycée Français Charles de Gaulle, men opplevde mobbing og sleit med dysleksi. Han fekk derfor heimeundervising i nokre månader før hab blei elev ved St Philip's School, der han leia skulekoret, og deretter Westminster School og Royal College of Music.

Diskografi Album Life in Cartoon Motion (2007) The Boy Who Knew Too Much (2009) The Origin of Love (2012) No Place in Heaven (2015)

Singlar «Relax, Take It Easy» (2006) «Life in Cartoon Motion» (2007) «Grace Kelly» (2007) «Lollipop» (2007)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Artisten Mika» frå , den 16. august 2010.

Kategori:Britiske musikarar Kategori:Britiske pianistar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Britiske skodespelarar Kategori:Brit Award-vinnarar