Dansk krone (forkorta kr eller DKK) er valutaen i Danmark og på Grønland og Færøyane. Færøyane brukar danske myntar, men med færøyske motiv.

1 krone = 100 øre.

Valørar Pengesetlane og myntane finst i fylgjande valørar:

Setlar 50 kr 100 kr 200 kr 500 kr 1 000 krMyntar 50 øre 1 kr 2 kr 5 kr 10 kr 20 kr

Til spesielle høve er det utgjeve gyldige myntar i andre valørar, som 50 kr, 100 kr og 200 kr.

Utover dei gyldige finst det som samleobjekt for myntsamlarar myntar i fylgjande valørar: 1 øre, 2 øre, 5 øre og 10 øre. og setlar i fylgjande valørar: 1 kr, 5 kr, 10 kr, 20 kr.

Kroner og øre blei innført ved ein lov av 1873, og tatt i bruk 1. januar 1875 da dei avløyste rigsbankdaleren. 1 daler blei da verdsett til 2 kroner, 1 mark til 33 1/3 øre og 1 skilling til 2 øre.

Samtidig blei den skandinaviske myntunionen innført, og fungerte fram til første verdskrigen.

Kroner, danske Kategori:Danmark