Vienne er ei av dei viktigaste elvane sørvest i Frankrike, og ei stor sideelv til Loire. Ho inneheld fleire demningar for produksjon av vasskraft, og er den største elva i regionen Limousin og den austlege delen av Poitou-Charentes.
To franske departement er kalla opp etter Vienne: Haute-Vienne (87) i Limousin og Vienne (86) i Poitou-Charentes.
Elveleie Vienne har sitt utspring i departementet Corrèze, ved foten av Mont Audouze på Plateau de Millevaches nær Peyrelevade. Ho renn stort sett vestover til byen Limoges, der ho ein gong spela ei viktig rolle i den vidkjende porselenindustrien i byen. Eit lite stykke etter Limoges snur ho nordover. På veg til munningen i Loire mottar Vienne elvane Creuse og Clain. Etter om lag 390 km munnar Vienne ut i Loire ved Candes-Saint-Martin i departementet Indre-et-Loire.
Vienne renn gjennom følgjande departement og byar:
Corrèze: Peyrelevade Creuse Haute-Vienne: Eymoutiers, Saint-Léonard-de-Noblat, Limoges, Aixe-sur-Vienne, Saint-Junien Charente: Chabanais, Confolens Vienne: L'Isle-Jourdain, Lussac-les-Châteaux, Chauvigny, Châtellerault Indre-et-Loire: L'Île-Bouchard, Chinon
Bakgrunnsstoff
Vienne Vienne Vienne Vienne Vienne Vienne Vienne Vienne