HaNo FK er ein lokal fotballklubb på Sunnmøre i Haram kommune utanfor Ålesund. Laget kjem frå øyane Haramsøya og Nordøyane, derav namnet HaNo FK.

Stiftinga 23. desember 1984 vart Haramsøy/Nordøy Fotballklubb skipa. På eit møte på Nordøy Grendahus vart det vedteke at fotballgruppene i Haramsøy IL og Nordøy IL skulle skiljast ut, og slåast saman.

Debatten i forkant av samanslåinga vart ganske heftig. Nokre meinte at dette vat einaste løysinga, og at det ikkje ville vere mogeleg å stille lag utan eit samarbeid på tvers av fjorden. Andre meinte at ei samanslåing ville øydelegge patriotismen og dermed fotballinteressa på begge øyane.

I dag er vel dei fleste einige om at det var ein god ting for desse to flotte øyane å få ein felles fotballklubb. Samhaldet over brua har vorte styrkt takk vere HaNo FK.

Namnet

Etter at Haramsøy/Nordøy Fotballklubb var ein realitet, vart neste steg å finne eit namn som var litt «snertnare». Det er ikkje så enkelt å rope «Heia Haramsøy/Nordøy!». Namnet skulle bestemmast på det første årsmøtet i klubben som gjekk på Nordøy Grendahus 01.12.85. 25 personar møtte fram i tillegg til styret. Forslaga var mange. Mellom anna kan vi nemne Moloen FK, Søyla FK, Haram FK, Øyvind FK osb.

1. avstemmingsrunde gav desse resultata: Øyvon 2 stemmer Øytopp 2 stemmer Nordøyane 2 stemmer Haram 4 stemmer HaNo 6 stemmer

Etter 3. valomgang fekk HaNo 11 stemmer mot Haram sine 9 stemmer.

Til sjuande og sist enda forsamlinga altso på HaNo FK. Men det var ikkje slutt med det. Dei høge herrar i Fotballforbundte ville ikkje tillate at HaNo FK var det offisielle namnet. Namnet på ein fotballklubb skulle ha tilknyting til staden der klubben kom frå meinte dei, og gløymte vel i farten at det er klubbar rundt om kring som heiter både Hødd, Ravn, Tarekameratane osb. HaNo FK kunne likevel nyttast i tabellar og liknande, og slik vart det. Offisielt heiter klubben den dag i dag Haramsøy/Nordøy Fotballklubb, medan HaNo FK er det folkelege varianten.

Leiarar 1985 til 1989 Lars Ulla 1990 til 1991 Sveinung Giske 1992 til 1993 Lars Ulla 1994 til 1995 Hallgeir Remme 1996 til 1997 Lars Ulla 1998 til 1999 Kåre Longva 2000 - Hege Schancke 2001 til 2002 Lars Ulla 2003 - Tor Erik Husevåg

Årets Medlem

Dette er ei utmerking som styret gir til ein person som har gjort ein spesiell innsats for HaNo FK i året som gjekk. Dei første åra var det to personar som fekk prisen, men frå 1990 har det vore ein vinnar pr år.

1988 - Oli Anne Longva og Mohsen Hellouli 1989 - Kirsten Fjørtoft og Tor Andre Franck 1990 - Lars Ulla 1991 - Revygjengen 1992 - Hallgeir Remme 1993 - Frank Rogne 1994 - Trygve Rogne 1995 - Joar Haram 1996 - Johanne Flem 1997 - Kenneth Ulla 1998 - Einar Kjell Rogne 1999 - Tina Mari Flem 2000 - Lars Ulla 2001 - Kenneth Ulla 2002 - Per Arne Tomren 2003 - Per Olav Vedeld

Årets spelar Dette er ein pris som vert tildelt ein dame - og ein herrespelar etter kvar sesong. Det er publikum som stemmer på den dei synest har vore best.

1988 Oddgeir Otterlei 1989 Kenneth Ulla 1990 Stig Erik Franck 1991 Per Olav Vedeld 1992 Øystein Longva og Reidunn Rogne 1993 Jan Ove Austnes og Birgitte Moe 1994 Øystein Longva og Britt Tove Vedeld 1995 Asgeir Nogva og Ann Iren Austnes 1996 Roy Longva og Lise Tomren 1997 Asgeir Nogva og Britt Tove Vedeld 1998 Asgeir Nogva og Vibeke Flem 1999 Tore Fjørtoft og Lise Tomren 2000 Joakim Austnes og Britt Tove Vedeld 2001 Amund Fjørtoft og Britt Tove Vedeld 2002 Ivar Fjørtoft og Vibeke Flem 2003 Tore Fjørtoft

Kategori:Haram kommune