Gustave Moreau () var ein fransk målar. Han er rekna til kunstretninga symbolismen.

mini|venstre|Orfeus (1865)

Moreau måla hovudsakleg bibelske og mytologiske figurar. Forma hans var arkaiserande, han brukte ein kraftig fargeprakt og bileta stod fjernt frå impresjonismen og den akademiske kunsten i samtida hans. Dei eksotiske og mystiske motiva hans danna ei bru mellom dei franske romantikarane og den franske symbolismen, ein nyromantisk retning på slutten av 1800-talet, og Moreau vart rekna som ein føregangsmann innan denne kunstretninga.

Han vart professor ved Académie des Beaux-Arts i Paris i 1891, og mellom andre var fauvismemålarane Henri Matisse og Georges Rouault av studentane hans.

Moreau vart fødd og døydde i Paris. Han er gravlagd på Cimetière de Montmartre. Musée Gustave Moreau i Paris er ett av byens mest ekstravagante. Museet har lokale i det som før var studioet hans, og vart opna for publikum i 1903.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gustave Moreau» frå , den 19. april 2007.

Kunnskapsforlaget: Store norske leksikon (1980)

Kategori:Franske målarar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Symbolistiske målarar