Preben Elkjær Larsen () er ein dansk tidlegare fotballspelar (angripar). Mellom 1977 og -88 skåra han heile 38 mål på 69 landskampar for Danmark. Han var sentral då Hellas Verona vart italiensk seriemeister i 1985.
Klubbspel Elkjær debuterte med Frederiksberg Boldklub, gjekk deretter til Vanløse Idrætsforening. Knapt 19 år gamal signerte han med den tyske toppklubben FC Köln. Etter eit lite vellukka opphald i Vest-Tyskland vart han i 1978 overført til Lokeren i Belgia. Etter innsatsen under EM i fotball 1984 vart han overført til den italienske Serie A-klubben Verona. I Verona var Elkjær ein nøkkelfigur bak klubbens overraskande italienske meisterskap i 1985. Frå 1988 til han la opp i 1990 spelte han for Vejle Boldklub]. Der avslutta han karrieren med raudt kort i sin siste kamp.
1973 - 1975: Frederiksberg Boldklub 1975 - 1976: Vanløse Idrætsforening - 15 kampar, 7 mål 1976 - 1978: FC Köln - 9 kampar, 1 mål 1978 - 1984: Lokeren - 190 kampar, 98 mål 1984 - 1988: Hellas Verona - 130 kampar, 48 mål 1988 - 1990: Vejle Boldklub - 45 kampar, 12 mål
Landslagsspel Preben Elkjær debuterte på Danmark sitt fotballandslag den 27. juni 1977. Han viste då kor målfarleg han kunne vere, skåra begge dei danske måla i 2-1 sigeren over Finland i Helsingfors. I 1978 skåra han i sin andre landskamp sigersmålet då det vart 2-1 over Noreg på bortebane, kort etter å ha vorte bytta inn. Sidan var han fast på landslaget.
Elkjær var ein av dei viktigaste spelarane då det danske landslaget for fyrste gong kvalifiserte seg til eit internasjonalt meisterskap. I 1983 stod han for den fyrste nettkjenninga i bortekampen mot Hellas, der ein 2-0-siger sikra Danmark deltaking ved EM 1984 i Frankrike.
Meisterskapen vart Elkjærs internasjonale gjennombrot. Han skåra mot Jugoslavia og vart matchvinnar i 3-2-kampen mot Belgia. I semifinalen mot Spania sende han, i straffesparktevlinga, Danmarks femte og siste straffe over mål. Spanias siste straffe-eksekutør bomma ikkje og sende Danmark ut av turneringa.
Preben Elkjær var ein av dei beste midtspissane i verda midt på 1980-talet. Han imponerte på landslaget med klassespel gjennom kvalifiseringa til VM i Mexico i 1986. Især 4-2-sigeren over Sovjetunionen den 5. juni 1985, der Elkjær og Michael Laudrup begge stod for to danske mål, står som eit av høgdepunkta i landslagskarriera. I VM vart Elkjær ein av dei store profilane. Han skåra fire mål, tre av dei i 6-1-sigeren over Uruguay.
Elkjær deltok også på det danske landslaget under EM i 1988, der han korkje skåra eller imponerte spelemessig. Den danske innsatsen i meisterskapen varsla eit generasjonsskifte i laget. 0-2-nederlaget mot Vest-Tyskland i EM vart Elkjærs siste landskamp.
Han spelte 69 A-landskampar for Danmark og skåra 38 mål.
Etterrakst Etter han la opp som fotballspelar var Elkjær kortvarig trenar hos Silkeborg IF. Seinare kjøpte han seg inn i B 93.
I seinare år har Elkjær kommentert fotball på fjernsyn.
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Köln-spelarar Kategori:Lokeren-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Vejle-spelarar Kategori:Folk frå København