Husby kapell er ei langkyrkje frå 1905 i Nesna kommune og sokn i Nord-Helgeland prosti. Kapellet er bygd som eit privat kapell på den gamle storgarden Husby på Tomma, ein gong senter for eit jordegods på Helgeland.
Kyrkja er bygd i tre og skal ha 100 plassar.
Ved kongeleg resolusjon 16. januar 1905 vart det tillate å vigsle eit bedehus oppført på Husby, den gongen i Dønnes sokn, til kyrkjelege handlingar. Husby kapell skulle ha minst 4 gudstenester for året, og kapellet fekk eige kyrkjetilsyn. Uklare retningslinjer for den kyrkjelege bruken av det private kapellet gjorde av biskopen i Sør-Hålogaland stengde kapellet som gudstenestestad på slutten av 1980-talet. Sidan var det i fleire år berre brukt til gravferder, og nokre få andre kyrkjelege handlingar etter særleg løyve frå biskopen. I 2005 vart kapellet igjen teke i bruk som fast gudstenestestad for kyrkjelyden på Tomma. Det er forordna seks årlege gudstenester i kapellet.
Kjelder DIS-Norge
Bakgrunnsstoff Fotografi frå vigslingdagen
Kategori:Kyrkjer i Nesna Kategori:Kyrkjer i Nord-Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1905 Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Kulturminne i Nesna