mini|Påskeliljefrø
Påskelilje (Narcissus pseudonarcissus) er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk.
Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.
Opphavleg utbreiing Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.
I Noreg I Noreg er påskelilje ein framandart som er innført som prydplante. Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore i bruk før 1700, og han var derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).
To underartar er registrerte forvilla i Noreg: nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus) er kjend som etablert i norsk natur i alle fall i 1749 og finst forvilla i til dels store bestandar på Vestlandet frå Sunnhordland til Møre og ved Røros, der han går opp til over 800 m. stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major) er innført i nyare tid og finst forvilla på Austlandet og nord til Troms, men dannar ikkje store bestandar. Underarten er i Framandartslista 2023 vurdert med potensielt høg risiko (PH).
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Påskelilje» frå , den 13. april 2012.
Bakgrunnsstoff
Den virtuella floraen
Kategori:Påskeliljeslekta Kategori:Hageplantar Kategori:Wales Kategori:Giftige plantar