Khartoum ( som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan. Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.

Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956, då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.

I byen ligg Khartoum universitet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Khartoum» frå , den 9. juli 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Byar i Sudan Kategori:Byar ved Nilen