mini|høgre|Flagget til Republikken Texas, kalla The Lone Star flag mini|Våpenet til Republikken Texas Republikken Texas var ein uavhengig nasjon i Nord-Amerika i mesta ti år, mellom 2. mars 1836 og 29. desember 1845.
Republikken Texas erklærte seg som uavhengig stat frå Mexico i 1836 og omfatta heile det noverande Texas og delar av New Mexico, Oklahoma, Kansas, Colorado og Wyoming. Grensa mot USA vart nedfelt i Adams-Onis-traktaten frå 1819 mellom USA og Spania. Grensa i sør og vest mot Mexico var omstridt i heile tidsperioden republikken fanst. Texas hevda at elva Rio Grande var grensa og Mexico at det var elva Nueces som var dette. Denne usemja utløyste seinare den meksikansk-amerikanske krigen etter at USA annekterte Texas i 1845.
I striden som oppstod mellom Mexico og Texas fire dagar etter lausrivinga, vart 183 amerikanarar drepe da tusenvis meksikanske soldatar leidde av general Antonio López de Santa Anna storma Alamo-fortet, etter at fortet først hadde vore omringa ein periode. Mellom dei drepne i slaget ved Alamo var oberst Jim Bowie og kongressmannen Davy Crockett. I fridomskampen for Texas etter dette, vart slagordet «Hugs Alamo!» (eng. Remember the Alamo!) bruka. Den 21. mars 1836 sigra styrkane til Republikken Texas, leidde av general Sam Houston, over meksikanarane i Slaget ved San Jacinto, sikra sjølvstendet til den nye repubikken og gjorde slutt på krigen mellom Mexico og Texas.
Replikken Texas opphøyrde i desember 1845 da Texas vart annektert av USA som den 28. delstaten.
Presidentar og visepresidentar høgre|mini|150px|Samuel Houston var president for republikken to gonger
+ Presidentar og visepresidentar i Republikken Texas Frå Til President Visepresident 16. mars 1836 22. okt 1836 David G. Burnet (interim) Lorenzo de Zavala (interim) 22. okt 1836 10. des 1838 Sam Houston Mirabeau B. Lamar 10. des 1838 13. des 1841 Mirabeau B. Lamar David G. Burnet 13. des 1841 9. des 1844 Sam Houston Edward Burleson 9. des 1844 29. des 1845 Anson Jones Kenneth L. Anderson
Kjende personar mini|høgre|Stephen F. Austin, kjent som «Texas' far» (Father of Texas)
Stephen F. Austin Jim Bowie Davy Crockett Albert Sidney Johnston José Antonio Navarro James C. Neill Juan Seguin William B. Travis Isaac Van Zandt Edwin Waller William H. Wharton
Kategori:Texas Texas