mini|250px|Troodosfjella thumb|right|Ein bekk i Tróodosfjella thumb|right thumb|right Tróodos (gresk Τρόοδος, tyrkisk Trodos) er den største fjellkjeda på Kypros, og ligg midt på øya. Den høgaste toppen i Tróodos er Ólymbos på 1 952 meter.

Tróodos strekkjer seg langs det meste av vestsida av Kypros, og er eit område for turgåing mellom furuskog om sommaren og skigåing om vinteren. Det finst fleire feriestader i fjella, bysantinske kloster og kyrkjer på fjelltoppane, og fjellandsbyar i dalane. Det ligg ni kyrkjer i Tróodos som er på UNESCO si verdsarvliste. Det mest kjende klosteret er Kýkkosklosteret i Marathásadalen.

Området har vore kjend sidan antikken for gruvene sine, og i den bysantinske perioden vart det eit stort senter for bysantinsk kunst, då kyrkjene og klostera vart bygd i fjella, bort frå den truga kysten.

Nokre landsbyar i Tróodos er Louvarás Palekhóri Koúrdali Peléndri Galáta Kalopanajótis Moutoullás Pedoulás Ómodos Finí Kiláni Agrós Kakopetriá Pródromos Korfí

Geografiske koordinatar

Bakgrunnsstoff Tróodos museum

Kategori:Fjell på Kypros