Molat er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg nær Zadar, søraust for øya Ist. Mellom desse øyane ligg sundet Zapundel.
Administrativt høyrer Molat til kommunen Zadar i Zadar fylke. Ho har eit areal på 22,82 km²Statistisk årbok 2006 for Kroatia og eit folketal på 190 (2021).
Større busetnadar (Molat, og ) ligg i indre område av øya, og mindre grender ligg langs sjøen. Hovudnæringane på øya er jordbruk, saueavl, fiske og turisme.Molat on ldnbglobal.com
Den nordaustlege kysten er stort sett låg med mange viker, medan sørvestkysten er brattare. Øya er stort kledd av ung skog og kratt.
I 1151 vart øya ein del av benediktinarklosteret St. Krševan. Frå 1409 var øya under styret til Republikken Venezia, som leigde øya ut til fleire familiar frå Zadar. Frå 1941 til 1943 var øya ein italiensk konsentrasjonsleir.
Folketal Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Molat 96 107 85 53 48 63 58 42 42 Øya Molat 207 197 190
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Molat på kroatien-fewo.net
Kategori:Øyar i Kroatia