Janneken Øverland () er ein norsk forlagsredaktør og litteraturvitar.
Øverland tok mag.art i litteraturvitskap i 1973, og var redaktør av litteraturtidsskriftet Vinduet frå 1980 til 1985. Frå 1984-1996 var ho redaktør for Bokklubben Dagens Bok, men sidan 1997 har ho vore redaksjonssjef for omsatt skjønnlitteratur i Gyldendal Litteratur. Som litteraturvitar har Janneken Øverland drive mykje litterær analyse på Cora Sandel sitt forfattarskap, og har gjeve ut to sakprosabøker om henne.
Verkliste
1983: Cora Sandel om seg selv 1988-1990: Norsk kvinnelitteraturhistorie, 3 bind. Medredaktør. 1993: Perler i prosa. Noveller 1975-93 (red.) 1995: Cora Sandel. En biografi
Kjelder
, henta inn 1. september 2013.
Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar