Vardim (bulgarsk остров Вардим, ostrov Vardim) er den tredje største bulgarske øya i Donau, like i nærleiken av landsbyen Vardim i Svisjtov kommune i provinsen Veliko Tărnovo). Ho er del av eit verna våtmarksområde der sjeldne fugleartar hekkar.

Biologisk mangfald Bortsett frå Vardim-eika, ein spesiell hygrofil type sommareik, finst det andre typar eik og alm på Vardim øy, i tillegg til kvitpil, sølvpoppel, svart akasie, svartpoppel og klosterklokke.

Øya er ein av dei fem viktigaste hekkeområda i landet for storskarv, natthegre og skeistork, og dermed eit viktig internasjonalt ornitologisk område. Totalt hekkar 21 fugleartar, som er verna i landet, på øya.http://www.bspb.org/ovm/18 Av 75 fugleartar på Vardim er 31 av dei viktige i Europa. Ein kan mellom anna sjå havørn på øya, og fram til 1985 mellom anna bronseibis og dvergskarv.

For å verne den naturlege Vardim-eika og dei mange vadefuglane, vart området eit naturreservat 5. mars 1971. Reservatet dekkjer eit området på 0,718 km², der 0,646 km² er dekt av skog. 2. juli 1998 vart området omkategorisert som eit verna område med eit areal på 0,987 km².

Kjelder

birdlife.org

Denne artikkelen bygger på «Vardim» frå , den 27. februar 2007.

Kategori:Øyar i Bulgaria Kategori:Øyar i Donau