Zenica (bosnisk kyrillisk Зеница) ein by og ein kommune i kantonen Zenica-Doboj innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen. Han er hovudsete i kantonen.
Zenica er ein industriby og den fjerde største byen i landet etter Sarajevo, Banja Luka og Tuzla. Han ligg om lag 70 km nord for Sarajevo ved elva Bosna og er omgitt av fjell og åsar i Dei dinariske Alpane.
Byen sitt Stara čaršija (gamle kvarter) inneheld fleire turistattraktsjonar, inkludert ein synagoge, som no er bymusem og kunstgalleri. Det finst òg ein moské (Čaršijska), ei austerriksk fontene og eit gamalt gardshus (Hadžimazića House).
Historie I ei skildring frå 1697 vert det nemnd at Zenica er «Nilens delta, der melonane veks i eit vakkert landskap». Ein meiner at byen den gong hadde omkring 2 000 innbyggjarar, der bosniarane dominerte. Mot slutten av 1700-talet vert òg serbarar og kroatar nemnd, og på 1800-talet jødar. Etter øydeleggingar gjort av Eugen Sovojski-soldatane i 1697, vart området stabilisert og byen byrja å vekse. Etter at tyrkarane vart slått i 1878 og Austerrike-Ungarn tok over makta, vart jarnbanen Bosanski Brod-Zenica bygd i 1879. I 1880 opna kolmina, i 1885 ein papirfabrikk, i 1892 jernverket og i 1886 eit fengsel. Alle desse utbyggingane var viktig for den seinare utviklinga til byen.
Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 1991 Folketal 2013 Zenica 96 027 70 533 2 814 2 964 2 505 2 508 2 535 2 417 2 516 1 893 2 664 1 842 Kommunen Zenica 146 603 110 663
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Zenica» frå , den 21. februar 2007.
Referansar
Kategori:Byar i Bosnia-Hercegovina Kategori:Byar og tettstader i kantonen Zenica-Doboj Kategori:Kommunar i kantonen Zenica-Doboj