Rzav (kyrillisk skrift Рзав) er ei elv vest i Serbia og aust i Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Ho er ei 72 km lang sideelv til Drina frå høgre, og har sitt utspring frå dei to elvene Crni Rzav og Beli Rzav. Elva vert stundom kalla Veliki Rzav (kyrillisk: Велики Рзав; Store Rzav) eller Zlatiborski Rzav (kyrillisk: Златиборски Рзав; Rzav i Zlatibor).
Beli Rzav (kyrillisk: Бели Рзав; Kvite Rzav) er den kortaste av dei to kjeldeelvene til Rzav. Ho har sitt utspring på austsida av fjellet Zvijezda nær den bosniske grensa. Crni Rzav (kyrillisk: Црни Рзав; Svarte Rzav) er den lengste av dei to, og har sitt utspring i fjellet Čigota aust for fjellet Zlatibor. Etter desse to elvene renn i hop vert elva berre kalla Rzav. Ho munnar ut i Drina nær byen Višegrad.
Rzav har eit nedslagsområdet på 605 km², og høyrer til tilsigsområdet til Svartehavet.
Kjelder Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Denne artikkelen bygger på «Rzav (Zlatibor)» frå , den 19. februar 2007.
Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Elvar i Bosnia-Hercegovina